Dalen Hotel

Dalen HotelDalen i Telemark blei opna i 1894 og er det siste attverande av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet. Med eit areal på om lag 4 500 kvadratmeter er hotellet òg eitt av dei største trebygga i Noreg. Hotellet er teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve og har ofte blitt kalla «eventyrhotellet». Det ligg monumentalt til over Bandak og har to og ein halv etasje. Bygningen er oppført i ein nasjonalromantisk stil med innslag av sveitserstil og dragestil, inspirert av stavkyrkjer og eldre norske loft og stover. Han er prega av svalgangar, portalar, tårn, drakehovud og rike utskjeringar.

Dalen Hotel.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen (2008).

Midtpartiet er dominert av ein stor sentralhall som strekkjer seg gjennom bygningen og får lys frå eit overlys i taket. Frå sentralhallen går to lange fløyer symmetrisk ut til kvar side og endar i tverrstilte bygningsdelar som gir bygningen ei variert og samansett utforming. Storleiken, glasstaket, overlyset og dei rike tredetaljane gjer Dalen Hotel til eitt av dei viktigaste trebygga i landet.

Då kanalen Skien–Dalen vart opna i 1892 vart det store endringar i turisttrafikken til Dalen. Båten kunne kome ved 23 tida og folk måtte ha ein stad dei kunne ta inn for mat og huslyd. Dette engasjerte ein trio i Grenland. Det var brukseigar Hans Larsen frå Skien som hadde sett korleis det stod til med overnattingskapasiteten på Dalen og ville investere i eit nytt stort hotell. Dei to andre som gjekk med i prosjektet var grosserar Lars Rød frå Skien og kjøpmann Anton Hansen frå Porsgrunn. Det vart stifta eit interessentselskap 24. august 1894. Tomta til hotellet kjøpte dei av Aasmund Nordgaard. Som arkitekt vart Haldor Larsen Børve (1887–1933) engasjert, og byggmeistar var H.P. Hansen. Bygget vart frakta til Dalen på kanalen som precut og satt saman på staden.

Byggmeistaren H.P. Hansen satte i 1893 opp Landsmarka kapell i Nome for godseigar Diderik Cappelen på Ulefos som ferdighus frå Strømmen Trævarefabrik, det kom og på kanalen. Dalen Hotel er bygd på same måten og har same utsjånad som ein del større bygg levera av Strømmen Trævarefabrik, og ein kan vel med god grunn meine at Dalen Hotel og kom frå denne kanten. Heilt ferdig var hotellet Nordeuropas største trebygning.

Under verdskrigen 1940–1945 fekk hotellet hard medfart og mykje viktig inventar og anna vart fjerna og er ikkje spora opp att. Predikanten og artisten Aage Samuelsen kjøpte hotellet i 1983 og ønskte å gjere det om til eit kristent senter. Bygningen var då i dårleg stand, men trass i omfattande restaureringsarbeid og store investeringar måtte han gje opp prosjektet. Hotellet blei selt på tvangssal i 1987, få månader før Samuelsen døydde.

Broder Åge sitt engasjement førte til at ein såg på dette store bygget av tre på ein endra måte, frå å vere eit objekt i ei storstila brannøving, til det å halde fram med det arbeidet han så entusiastisk hadde starta på. Etter fleire år med forfall opna hotellet att i 1992 etter ei omfattande restaurering. Hotellet er ikkje tilpassa vinterdrift og held ope frå påske til utgangen av oktober.

Hotel Dalen er med i De historiske hotel og det som det einaste hotellet der det ikkje har vore noko endring av, eller tilbygg til, bygningen heilt frå byrjinga av.

Mange kombinerer eit opphald på Dalen Hotel med ei reise på Telemarkskanalen med M/S «Victoria» eller M/S «Henrik Ibsen». (2026). Kanalen har og fått Europa Nostra Heritage Award.

Utmerkingar og prisar

  • Olavsrosa. Norsk kulturarv sitt kvalitetsmerke. 15. mars 1999
  • Europa Nostra Heritage Award. (For restaurering.) Medalje. 2000.

Adressa er Hotellvegen 33.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 59.44381° N 8.01141° Ø