«Bygdebøker» i Nord-Amerika: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|NC-history.jpg|Framsida på permen til ''Nelsn County History'', ei «bygdebok» i to bind på til saman 1485 sider, utgjeve ca. 1984.}}
I ein god del av dei mest norske delane av Nord-Amerika, særleg Minnesota og Nord- og Sør-Dakota, er det gjeve ut noko som kan minne om norske bygdebøker av [[Gards- og slektshistorie|busetnadshistoriesjangeren]]. Det kan vere store bøker med mykje lokalhistorisk interessant innhald, både generell historie om lag og foreiningar, skular, bedrifter og liknande, og i tillegg som regel informasjon om farmar og folket der på ein måte som altså minner litt om våre tilsvarande verk. Bøkene blir ofte kalla countyhistorier og er utgjeve for enkeltcounties, men gjerne i fleire bind. Det var nok ofte i samband med jubileum for etablering av eit [[county]] at stoff til slike bøker vart samla inn og publiserte.

Sideversjonen fra 14. mar. 2018 kl. 07:56

Framsida på permen til Nelsn County History, ei «bygdebok» i to bind på til saman 1485 sider, utgjeve ca. 1984.

I ein god del av dei mest norske delane av Nord-Amerika, særleg Minnesota og Nord- og Sør-Dakota, er det gjeve ut noko som kan minne om norske bygdebøker av busetnadshistoriesjangeren. Det kan vere store bøker med mykje lokalhistorisk interessant innhald, både generell historie om lag og foreiningar, skular, bedrifter og liknande, og i tillegg som regel informasjon om farmar og folket der på ein måte som altså minner litt om våre tilsvarande verk. Bøkene blir ofte kalla countyhistorier og er utgjeve for enkeltcounties, men gjerne i fleire bind. Det var nok ofte i samband med jubileum for etablering av eit county at stoff til slike bøker vart samla inn og publiserte.

County-historiene er vanlegvis inndelte med kapittel for kvart township, men innanfor townshipet er det gjerne familiane, ikkje farmane, som er sette opp, og det alfabetisk etter etternamn. Det ser òg ut som om mange familiar har skrive ned si eiga historie som så er trykt utan nemnande redigering. Det har nok samanheng med at dei amerikanske countya nok ikkje har hatt økonomisk høve til å betale bygdebokforfattarar til å sette saman og kvalitetssikre informasjonen slik det blir gjort i Noreg.

Dei amerikanske farmane har ofte ikkje eiga historie. Det kjem nok av at dei sjølvsagt ikkje har vore like stabile som bu- og produksjonseiningar som gardane her til lands. Mange av dei som vart rydda frå midten av 1800-talet er allereie nedlagde og fråflytta, og husa rivne.

Men viss ein leiter etter folk som utvandra frå norske bygder til Nord-Amerika, kan det løne seg å prøve å finne ut om slike verk finst for område der det er sannsynleg dei slo seg ned.

Litteratur