Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.

Åfjordsbåten «Skårungen».
Foto: «Dovendjur»

Åfjordsbåten er ein relativt moderne båttype som trulig vart utvikla kring 1700-talet. Før den tida ser det ut til at geitbåtar av nordlig type vart brukt der åfjordsbåten seinare slo gjennom. Utover 1800-talet og innpå 1900-talet vart åfjordsbåten vanlig heilt sørvest til Smøla og tildels Kristiansund på Ytre Nordmøre. Åfjordsbåten har òg påverka geitbåtane på Nordmøre ein del — først og fremst aurgjeldgeita. Lånte trekk frå åfjordingen til aurgjeldgeita inkluderer blant anna fast drigle i attrommet, vaterbord, flatkeipar (heller enn skjeggkeipar) og rorkult (heller enn styrvol).

Størrelsar og typar

Færing

Det finst tre hovudtypar av åfjordsfæringen: Ein toknefæring har to rorsrom i tillegg til framskott og bakskott. Den vanlige færingen har i tillegg eit halvrom mellom rorsromma; og storfæring er ein kring 20-fots færing der halvrommet er opp mot trekvart av eit rorsrom. Færingen er den tradisjonelle heimefiske- og ærendsbåten.

Seksring

Ein seksring, gjerne uttala som sækstreng, er ein båt med tre fulle rorsrom i tillegg til fram- og bakskott. Ein seksring med tre rorsfolk gjev mykje rorskraft, og båten er òg meir sjøsterk enn ein færing. Seksringen er dermed særlig god som skyssbåt, men han har sjølvsagt vorte mykje brukt til lokalt fiskeri òg.

Halvfjerming

Ein halvfjerming (eigentlig halvfjerd-rømming) svarar til honnfyring blant geitbåtane på Nordmøre. Her er fremste rorsrommet eigentlig i framskotten, eller òg så kan eitt eller to av rorsromma mangle eit par tommar.

Firing

Lestabåt

Toskgansbåt

Lofotbåt

Vengbåt

Galleri

Litteratur

  • Gunnar Eldjarn og Jan Bojer Godal: Nordlandsbåten og Åfjordbåten. Båtstikka D/A Rissa 1988-1990.

Sjå også