Årdal kyrkje (Bygland): Forskjell mellom sideversjoner
(kulturminnesøk) |
(Thomhav) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Årdal kyrkje 2007.jpg|Årdal kyrkje.|Reidar Tveito}} | {{thumb|Årdal kyrkje 2007.jpg|Årdal kyrkje.|Reidar Tveito}} | ||
{{thumb|Årdal kirke, Aust-Agder - Riksantikvaren-T200 01 0001.jpg|Årdal kyrkje omkring 1910| | |||
C. Christensen Thomhav (eier:Riksantikvaren) }} | |||
'''[[Årdal kyrkje (Bygland)|Årdal kyrkje]]''' er første gong nemnd i 1327 («Hardal»), då i ein kyrkjeleg rekneskap. I 1663 vurderte [[Titus Bülche]] (kongeleg utsending for å vurdere m.a. kyrkjebygga) Årdal kyrkje til å vere i så dårleg stand at ho måtte bli riven. Ny kyrkje vart sett opp i 1660-åra av «Ifuer Snedker». Denne kyrkja vart riven i 1827, - av bevara bygningsrestar er berre kjend stavane til altarringen. | '''[[Årdal kyrkje (Bygland)|Årdal kyrkje]]''' er første gong nemnd i 1327 («Hardal»), då i ein kyrkjeleg rekneskap. I 1663 vurderte [[Titus Bülche]] (kongeleg utsending for å vurdere m.a. kyrkjebygga) Årdal kyrkje til å vere i så dårleg stand at ho måtte bli riven. Ny kyrkje vart sett opp i 1660-åra av «Ifuer Snedker». Denne kyrkja vart riven i 1827, - av bevara bygningsrestar er berre kjend stavane til altarringen. | ||
Sideversjonen fra 18. mar. 2014 kl. 11:28
Årdal kyrkje er første gong nemnd i 1327 («Hardal»), då i ein kyrkjeleg rekneskap. I 1663 vurderte Titus Bülche (kongeleg utsending for å vurdere m.a. kyrkjebygga) Årdal kyrkje til å vere i så dårleg stand at ho måtte bli riven. Ny kyrkje vart sett opp i 1660-åra av «Ifuer Snedker». Denne kyrkja vart riven i 1827, - av bevara bygningsrestar er berre kjend stavane til altarringen.
Ny kyrkje var oppsett i 1828. Byggmeister denne gongen var Anders Torson Solberg (f. 1778), også kalla Anders Syrtveit og Anders kyrkjebyggar. Anders sette opp mange andre kyrkjer, i alle fall Hægeland, Iveland, Evje, Bygland, Sandnes, Hylestad, Valle og Moland (Fyresdal). Årdal kyrkje er ei lafta åttekant-kyrkje.
I eldre tider hadde kyrkja landskyld-inntekter av øydegarden Vik (under Bø) og av Lande (½ hud). Prestebolet hadde mellom anna ein laup smør i landskyld av Greibrokk – den eigedomsparten er såpass stor at han kan ha gjeve levebrød for ein eigen prest i Årdal i ein periode før svartedauden.
Namnet Årdal blir i dag berre brukt om kyrkja og sokna. Det verkar truleg at det i si tid var namnet på opphavsgarden eller bygda (nåverande Grendi), d.v.s. ein parallell til Jordal og Årak lenger nord i kommunen.
Årdal sokn er eit av to sokn som er att i kommunen, og ligg under Bygland kyrkjelege fellesråd i Otredal prosti.
Kjelder
- Bolling, Reidar: Kyrkjeliv i Bygland, 1938
- Grågås. Stavanger stifts og domkapitels jordebok, ca. 1620
- Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, 2005
Eksterne lenkjer
- Årdal kyrkje (Bygland) på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Koordinater: 58.70713° N 7.82365° Ø