Årset notlag: Forskjell mellom sideversjoner

m
Legg til ei nestenulukke
m (Retta årstal)
m (Legg til ei nestenulukke)
Linje 86: Linje 86:


Framtakarnota (Orkastnota): Ei lita spesialnot / landnot 20 - 25 famner til å ta passelege slumpar frå stengjenot for levering. Vart sett på innsida av stengjenota frå ein færing. Ein mann låg på kne framme i færingen og drog fram etter kavlen på stengjenota. Den andre sette framtakarnota tett på innsida av stengjenota. Det tok si tid å levere så ein tok ut små slumpar i gongen for å halde kvaliteten på fisken oppe før ising.
Framtakarnota (Orkastnota): Ei lita spesialnot / landnot 20 - 25 famner til å ta passelege slumpar frå stengjenot for levering. Vart sett på innsida av stengjenota frå ein færing. Ein mann låg på kne framme i færingen og drog fram etter kavlen på stengjenota. Den andre sette framtakarnota tett på innsida av stengjenota. Det tok si tid å levere så ein tok ut små slumpar i gongen for å halde kvaliteten på fisken oppe før ising.
== ”Det kunne ha  gått so spikande gale” ==
Når notlaga flytta på seg etter fjordane var det vanleg at når veret tillet det la dei alle båtane i ein flote og greidde seg med ein rorgjengar på tyngste båten. Så fekk dei andre ete, sove og gjere vedlikehaldsarbeid.
Vanleg opplegg med utgangspunkt i tyngste båten var;  øyrebåten i sine feste på styrbord side, loddebåten og færing hengande bak. Sleparen på babord side. Alle båtane med tilpassa tau (tampar) slik at dei låg fint på bårene frå tyngste båten. Så let ein motorane på notbåt og slepar gå på ”full tamping”, surra rattet på sleparen og greidde seg med ein rormann.
Denne dagen i 1956 låg Årset notlag for Geislida og gjorde klar for heimtur. Det ulukkelege denne dagen var at tampen frå baugen på ”Lissjeveiren” til baugen på ”Joffre” etter lang tids bruk vart for veik for bruken.
Båtane gjekk fint i sjøen, motorane gjekk for fullt. Det var rormann i styrehuset på ”Joffre” og ledig mannskap var framme i lugaren og sov eller tok seg mat. Rormannen på ”Lissjeveiren” hadde og vore på ”Joffre” ei stund og hoppa tilbake for å sjå etter eit kvart. I det han landa i ”Lissjeveiren” small det.
Baugtauet mellom ”Joffre” og ”Lissjeveiren” slitna. ”Lissjeveiren” skar ut, han hang framleis fast etter baktampen, svinga rundt om babord og rykkte ut rekka og dei to øvste bordgangane, fram til bordskøytane, bak på den klinkerbygde ”Joffre”. I lugaren høyrde dei naturlegvis tilburden og ville fort ut, det vart trangt i lugarkappedøra.
Der var att knappe to tomar  fribord. Hadde tredje bordgangen fylgt ut så hadde ”Joffre” gått rett ned.
Karane summa seg litt og heldt ”skipsråd”, så endra dei kurs og gjekk opp i Straumen i Kilsfjorden til han Rasmus Straume f. 1887 bruk 97/6. Det vart ikkje sagt så mykje. Han Rasmus snudde skråa i munnen nokre gonger, tok nokre mål og gjekk for å leite etter lagelege emne.
Heile notlaget vart sett i arbeid, dette var praktiske og hendige folk. ”Joffre” var ferdig reparert med bordgang og rekke på plass før dei tok på heimtur. Reparasjonen vart betalt med kr. 245,00.
Vel heime vart dei nye borda smurde eine gongen føre og den andre etter for at hendinga ikkje skulle vere alt for synleg. Dette lukkast ikkje, så påminninga om at ”so nere, so nere hev berga so mang ein” fylgde båten så lenge den varte.
Etter denne hendinga vart det hivt mykje tvilsamt tau i Årset notlag.   


[[Landnotset i Austefjordområdet|Oversikt over notaset / notakast i området]].
[[Landnotset i Austefjordområdet|Oversikt over notaset / notakast i området]].
Skribenter
1 565

redigeringer