Ølen og Bjoa sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ølen og Bjoa sogelag vart stifta 21. oktober 1980 og arbeider med lokalhistoria i Ølen og Bjoa i Vindafjord kommune. Føremålet er «å auka og spreia kunnskap om bygdene, bidra til at materielle kulturminne vert tatt vare på og stimulera til at munnlege tradisjonar som finst om liv og arbeid i eldre og nyare tid vert samla inn og skrivne ned. Bygdene si historie skal gjerast kjend gjennom utgjeving av sogeblad, brosjyrar, tilskipingar og bruk av digitale media».

Medlemstall: 60 Utviklingen av medlemstall: Har variert ein del, med 35 i 1983 og 70 i 2000.

Leiarar

1980 – 1983: Ole Dag Østhus. 1984 - 1986: Trygve Lunde. 1987 – 1994: Toralv Søndenå. 1995: Øystein Monstad. 1996 - 2008: Karl Granberg. 2009: Anders Haugland. 2010 - 2011: Torkel Viland. 2012 - 2013: Mattis Gravelsæter. 2014: Anbjørn Haugland. 2015 - 2016: Anne - Margrethe Eidhammer. 2017: Jan Lygre. 2018 og 2019 : Liv Hovland Ruud.

Andre viktige personar Endre Heggen. Viktig pådrivar i mange saker, som innsamling av foto og historiske antikvitetar og skiping av krambumuseet. Han var elles ein ivrig, fast skribent i sogebladet.

Hovudaktivitetar

Jamn og til dels god aktivitet.


Gje ut årleg sogeskrift, arrangera turar til historiske stader i og utanfor kommunen, ei og anna festleg samkome (som «grautfest» før jul), halda ved like dei to museumsbygga som sogelaget har: Eikehaugen Mølle på Bjoa og Krambumuseet i Ølen. Dette siste vert halde ope for publikum ved ymse kulturarrangement i gamle Ølensjøen.

Opning av Eikehaugen Mølle i 2009 og Krambumuseet i 2010.

Publikasjonar

Historieskriftet Segn og Soge, som kom ut litt før jul kvart år frå 1981 (28 sider) til 2017 (72 sider).

Frå og med 2018 gir sogelaget ut historieboka Vindetreet (170 sider) saman med dei to andre historielaga i Vindafjord kommune.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer