Ølen og Bjoa sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ølen og Bjoa sogelag vart stifta 21. oktober 1980 og arbeider med lokalhistoria i Ølen og Bjoa i Vindafjord kommune. Føremålet er «å auka og spreia kunnskap om bygdene, bidra til at materielle kulturminne vert tatt vare på og stimulera til at munnlege tradisjonar som finst om liv og arbeid i eldre og nyare tid vert samla inn og skrivne ned. Bygdene si historie skal gjerast kjend gjennom utgjeving av sogeblad, brosjyrar, tilskipingar og bruk av digitale media». Laget er medlem av Landslaget for lokalhistorie.

I 2019 var det 60 medlemmer. Medlemstalet har variert ein del, frå 35 i 1983 til 70 i 2000.

Hovudaktivitetar

Laget gir ut eit årleg sogeskrift, arrangerer turar til historiske stader i og utanfor kommunen, og skipar til ei og anna festleg samkome (som «grautfest» før jul). Medlemmene held også vedlike dei to museumsbygga som sogelaget har: Eikehaugen Mølle på Bjoa (opna 2009) og Krambumuseet i Ølen (opna 2010). Dette siste vert halde ope for publikum ved ymse kulturarrangement i gamle Ølensjøen.

Publikasjonar

Leiarar

  • 1980–1983: Ole Dag Østhus
  • 1984-1986: Trygve Lunde
  • 1987-1994: Toralv Søndenå
  • 1995: Øystein Monstad
  • 1996-2008: Karl Granberg
  • 2009: Anders Haugland
  • 2010-2011: Torkel Viland
  • 2012-2013: Mattis Gravelsæter
  • 2014: Anbjørn Haugland
  • 2015-2016: Anne-Margrethe Eidhammer
  • 2017: Jan Lygre
  • 2018-: Liv Hovland Ruud

Endre Heggen var ein viktig pådrivar i mange saker, som innsamling av foto og historiske antikvitetar og skiping av krambumuseet. Han var elles ein ivrig, fast skribent i sogebladet.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer