Ørsta kleklypefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. des. 2020 kl. 21:30 av Rkstokke (samtale | bidrag) (Lagt inn overskriften "kjelde")
Hopp til navigering Hopp til søk

Ørsta kleklypefabrikk A/S var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabikk.

Den spede byrjinga

I 1933 fekk Johan Digernes med søner sett opp eit lite fabrikkbygg ved sjøen på Digernes i Ørsta. Bygget var berekna for kleklypeproduksjon. I 1934 kom dei fyrste klypene i sal. [1] [2] [3] Verksemda fekk namnet Ørsta Klæklypefabrikk, og produktet, kleklypa i tre, fekk namnet Guri. I 1939 vart aksjeselskapet, Ørsta Klæklypefabrik A/S skipa.

Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. I Noreg var tre andre fabrikkar som dreiv kleklypeproduksjon. 

Andre verdskrig

Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleivar, auser og kleshengarar. I tillegg var det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.

Etterkrigstida

Då krigen var over kom produksjonen av treklypa Guri i gang igjen. I Noreg var det streng priskontroll med varehandel. Ørsta Klæklypefabrikk byrja difor med eksportsal, hovudsakleg til Skandinavia og middelhavsland, men også til Australia, New Zealand, Iran og Irak.

I 1948 vart fabrikken utvida, og ein byrja også å produsere klehengarar, svingtrappar til bustadhus og vevstolar. Vevstolane vart selde av Erling Digernes, nevøen til Johan Digernes, som dreiv Rauma Ullvarefabrikk på Åndalsnes.

Brann

18. april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Maskiner, varer og råmateriell til ein verdi av ca. 170 000 kroner gjekk tapt. Fabrikken hadde då ca. 20 mann i arbeid.  Kilde 13 Så snart branntaksten var over vart det satt opp ein ny fabrikk. Den nye fabrikken vart satt opp av dei 6 sønene til Johan Digernes. Det var ikkje nødvendig å leige andre bygningsarbeidarar.

Den nye fabrikken med moderne maskinar og god kapasitet sto ferdig hausten 1951.

Vanskelege tider og nye produkt

Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selt til Brynhildsens fabrikker i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. En forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.

På 1960-talet tok eksporten seg opp att. I 1960 hadde Ørsta Klæklypefabrikk A/S en produksjon på 100.000 gross (1 gross = 12 dusin = 144 klyper). 2/3 av produksjonen gjekk til eksport. Ein eksporterte treklyper til bla. Australia, New Zealand og USA.

Plastklypa, Solveig vart lansert i 1963, og vart ein umiddelbar suksess da ho var svært haldbar. Dette vart eit vendepunkt i historia til Ørsta Klæklypefabrikk. Salet av treklyper minka då plastklypene kom på marknaden.

Ny brann

1968 tok det fyr i fabrikken igjen, men brannen vart raskt sløkt. «Ca. 10 000 klæklemmer og eit parti dropspinnar var skada av eld og røyk.»

1980 talet

I 1985 er Ørsta Kleklypefabrikk den einaste kleklypefabrikken i landet, og produserer nesten 12 millionar klyper i året. 8 millionar var Solveig plastklype og 3,6 millionar av Guri treklype.

Konkurs

I 1996 gjekk Ørsta Klæklypefabrikk A/S konkurs. Roger Digernes tok over fabrikken og dreiv han vidare til 2001.

Produkt

  • Guri treklype
  • Solveig plastklype
  • Miljøklypa
  • Vaskebrett
  • Kleshengarar
  • Vevstolar
  • Svingtrappar til bustadhus
  • Byggeklossar av tre for born
  • Ferdighus
  • Karosseriplater i kryssfiner til barnevogner
  • Dreia trebollar
  • Treskeider
  • Sleivar
  • Auser
  • Kostar
  • Ferdighus
  • Rundpinnar til kjærleik på pinne
  • Dommarflagg

Kjelde

  1. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 75 år. Utg. Ørsta kommune. 1958. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Grøvik, Ivar: Ørsta samvirkelag 1919-1969. Utg. Samvirkelaget. Ørsta. 1969. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 100 år. Utg. Kommunen. 1983. Digital versjonNettbiblioteket.