Akkalasamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Akkalasamisk (akkalasam. ču´kksuâlis), òg kalla babinsk-samisk, er eit samisk språk som har vorte snakka ved innsjøen Imandra lengst sørvest på Kolahalvøya i Russland. Språket hørte med til dei austsamiske språka og låg språklig sett mellom kildinsamisk (som det tidligare gjerne vart sett på som ein dialekt av) og sin nærmaste slektning i nordvest, skoltesamisk. Den siste som hadde akkalasamisk som morsmål døydde i 2003, men det finst framleis nokre få personar som kan språket i varierande grad så vel som éin aktiv språkbrukar.

Bibliografi

  • Зайков, П.М.: Бабинский диалект саамского языка : фонолого-морфологическое исследование. Петрозаводск : Карелия, 1987.

Kjelder