Alette Heyerdahl: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:

Frå 1898 til 1910 budde familien i [[Sandeherred]] (Sandar) ved [[Sandefjord]], der mannen var kallskapellan. Så vart Nils R. Heyerdahl sokneprest i [[Tinn]] i 1910, og frå 1917 i [[Holla kommune|Holla]], der ekteparet da budde til han gjekk av for aldersgrensa i 1932. Etter det flytta  Alette og Nils Heyerdahl til Alnabru i [[Østre Aker]]/Oslo, der båe døydde i høg alder i heimen sin, Bakkelund.

== Yrke og samfunnsvirke ==
Etter at ho hadde gifta seg søkte ikkje Alette Heyerdahl noko aktiv yrkeskarriere. Men ho tok på seg ymse skulelæraroppdrag. Mellom anna gav ho privattimar i språk både på Voss og i Sandeherred. På Voss stod ho saman med mannen for «hurtigkursus» for vaksne gutar som etter folkeskulen ynskte å kome inn i øvste klassen av mellomskulen. Ho var elles nytta som vikar ved [[Sandefjords middelskole]], mest i engelsk, historie og religion.
Av offentlege verv kan nemnast at ho sat i skulestyret i Sandeherred i fire år, og var også med i fattigstyret der.
Alette Heyerdahl seier sjølv at (kristeleg) ungdomsarbeid var hennar «væsentligste interesse», og ho engasjerte seg i dette både på Voss og i Sandeherred. Mellom anna var ho mykje brukt som foredragshaldar, spesielt i ungdomsforeiningane i Vestfold krets av [[Norges Kristelige Ungdomsforbund]]. Fleire av foredraga vart trykte i organisasjonens blad [[Den Unges Ven]].
Frå 1904 og i mange år etter det var Alette Heyerdahl medarbeidar i bladet [[Bymisjonæren|Bymissionæren]], eit vekeblad utgjeve av [[Kristiania indremisjonsforening]]. Mellom anna hadde ho i fleire år i oppdrag og levere ei forteljing i veka, som oftast slike som ho hadde omsett frå andre språk.
I 1901 var ho medstiftar av og i mange år styremedlem i «[[Sandefjords og Sandehereds samtaleforening for kvinder]]». Foreininga hadde i følgje Heyerdahl som føremål «ved foredrag og diskussioner at fremme kvindernes interesse for kommunale og sociale spørsmaal, ligesom den ogsaa sætter i gang forskjellige almennyttige foretagender.»
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer