Alette Heyerdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i BergSenja20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho studerte filologi og teologi ved universitetet, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho verka på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.

Bakgrunn og oppvekst

Alette Heyerdahl var dotter til sokneprest Christian August Aagaard Hansen (fødd 1818) og hustru Amine Dorothea f. Falch. Alette hadde seks systrer, og alle sju i syskenflokken var fødde i Berg. Dei fekk oppveksten sin der fram til 1876, da faren overtok prestekallet i Strinda ved Trondheim, og familien flytta dit