Amund Folkedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. sep. 2018 kl. 09:20 av Kallrustad (samtale | bidrag) (den fyrste ordføraren i Eidfjord)
Hopp til navigering Hopp til søk

Amund (Halvorsen) Folkedahl (fødd 1841, død 17. desember 1892) var lærar, kyrkjesongar og den fyrste ordføraren i Eidfjord herad i Hardanger.

Folkedal var lærar ved Lægreid skule i Nedre Eidfjord og hadde vore med i det gamle heradsstyret i Ulvik. Då Eidfjord vart skild ut som eige herad i 1891, vart Folkedal ordførar. Bygdebokforfattar Knut Skrove skriv at Folkedal «hadde ein markant posisjon i bygda [...], med tunge politiske verv, og var samtidig postopnar og aktiv i fleire ulike lag og organisasjonar».

Han døydde brått i 1892, berre eitt år etter at han vart ordførar. Varaordførar Torgils C. Hereid, som var bonde, tok over vervet.

Kjelder og litteratur