Amund Folkedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Amund (Halldorson) Folkedahl (fødd 1841, død 17. desember 1892) var lærar, kyrkjesongar og den fyrste ordføraren i Eidfjord herad i Hardanger.

Folkedal tok eksamen ved Voss lærarskule i 1859, og året etter vart han lærar ved Lægreid skule i Nedre Eidfjord. Frå 1865 hadde han òg stillinga som kyrkjesongar i Eidfjord kyrkje. To år seinare gifta han seg med Katrine Helvig Torsteinsdotter Bolstad (1847-1924).

Amund Folkedal sat i det gamle heradsstyret i Ulvik. Då Eidfjord vart skild ut som eige herad i 1891, vart han ordførar. Bygdebokforfattar Knut Grove skriv at Folkedal «hadde ein markant posisjon i bygda [...], med tunge politiske verv, og var samtidig postopnar og aktiv i fleire ulike lag og organisasjonar». Han skipa mellom anna Eidfjord misjonsforeining, der han var mangeårig formann.

Han døydde brått i 1892, berre eitt år etter at han vart ordførar. Varaordførar Torgils C. Hereid, som var bonde, tok over vervet.

Kjelder og litteratur