Anders Erikson Ormberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2011 kl. 20:14 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Anders Erikson Ormberg''' (fødd kring 1683, død hausten 1748) var gardbrukar på Ormberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Anders drog kring 1700 ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Erikson Ormberg (fødd kring 1683, død hausten 1748) var gardbrukar på Ormberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Anders drog kring 1700 til Nordfjord og tente der til kring 1720. Då gifte han seg med Kari Arntsdotter (ca 1692-1734) frå Fosnes i Stryn. Dei flytte kring 1720 til Jostedalen og tok over drifta av halve heimebruket. I 1739 fekk han òg hand om andre halvparten.

Etter at Kari døydde, gifte Anders seg opp att 12. juni 1735 med Britha Andersdotter (ca 1713-1774) frå Åsen. Ho var dotter av tidlegare lensmann Anders Olson Åsen og syster av klokkar Ole Anderson Åsen.

Anders og Kari fekk berre eitt kjent barn, som døydde udøypt ved fødselen.

Anders og Britha fekk tre born:

  • Anders Andersson (1736-1803), som overtok Ormberg
  • Kari Andersdotter (1742-1812), gift med klokkar Anders Olson frå Åsen
  • Erik Andersson (1746-1828), som vart gardbrukar i Åsen

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 94-95. (Digital utgåve, NBdigital)