Anders Stokkeland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under samarbeid}}
{{Under samarbeid}}


'''[[Anders Stokkeland]]''' (fødd 1846 i [[Vestnes]], død 1919) var styrar for Gudbrandsdalens amtsskule. Skulen var ambulerande og flytte frå bygd til bygd i Gudbrandsdalen. Oppstarten var i Skjåk i 1876.
'''[[Anders Stokkeland]]''' (fødd 1846 i [[Vestnes]], død 1919) var styrar for Gudbrandsdalens amtsskule. Han var son til Kristen Nilsen Stokkeland og Anne Olsdotter Lindset og voks opp på garden Stokkeland i Vestnes. I 1878 gifta han seg med Fredrikke Kristensdotter Stokkeland. Dei var tremenningar.


Amtskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane, men utvikla seg etter kvart til å bli folkehøgskular i miniatyr.
Anders Stokkeland var styrar for Gudbrandsdal amtsskule frå 1876. Amtsskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane som hadde vorte skipa på 1860 talet. Amtsskulen i Gudbrandsdalen var ambulerande og skulen flytte frå bygd til bygd. Fyrste vinteren var skulen i Skjåk, med tilhald i Mallaug skule.


Stokkeland hadde eksamen frå Klæbu seminar (1868). Etter eksamen var han huslærar i heimbygda i to år. Ved sida av studerte han språk hos presten Krohg. Så kom han til Sarpsborg realskule i 1871. Fire år seinare søkte han – og fekk – stillinga som amtsskulelærar i Kristians Amt, som det heitte den gongen.


Det var i amtsskulen i Gudbrandsdalen at Stokkeland kom til å ha si livsgjerning. Fram til 1900 var skulen på flyttefot heile fjorten gonger, for skulen var berre to-tre år i kvar bygd. I 1900 fekk skulen fast tilhald i forsamlingslokalet Bølund i Ringebu.
Anders Stokkeland døydde på nyåret 1919, 73 år gamal. Han hadde da vore styrar for Gudbrandsdal amtsskule i heile 43 år.


Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard.
Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard.
== Kjelder og litteratur ==
* Øveraas, Kristin: artikkel i ''Hemgrenda 2009''. Ringebu 2009.
* Åsmundstad, Per: ''Ringebu folkehøgskule 125 år 1876–2001''. Lillehammer 2001.


{{Spire}}
{{Spire}}

Sideversjonen fra 4. apr. 2017 kl. 09:32

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Anders Stokkeland (fødd 1846 i Vestnes, død 1919) var styrar for Gudbrandsdalens amtsskule. Han var son til Kristen Nilsen Stokkeland og Anne Olsdotter Lindset og voks opp på garden Stokkeland i Vestnes. I 1878 gifta han seg med Fredrikke Kristensdotter Stokkeland. Dei var tremenningar.

Anders Stokkeland var styrar for Gudbrandsdal amtsskule frå 1876. Amtsskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane som hadde vorte skipa på 1860 talet. Amtsskulen i Gudbrandsdalen var ambulerande og skulen flytte frå bygd til bygd. Fyrste vinteren var skulen i Skjåk, med tilhald i Mallaug skule.

Stokkeland hadde eksamen frå Klæbu seminar (1868). Etter eksamen var han huslærar i heimbygda i to år. Ved sida av studerte han språk hos presten Krohg. Så kom han til Sarpsborg realskule i 1871. Fire år seinare søkte han – og fekk – stillinga som amtsskulelærar i Kristians Amt, som det heitte den gongen.

Det var i amtsskulen i Gudbrandsdalen at Stokkeland kom til å ha si livsgjerning. Fram til 1900 var skulen på flyttefot heile fjorten gonger, for skulen var berre to-tre år i kvar bygd. I 1900 fekk skulen fast tilhald i forsamlingslokalet Bølund i Ringebu.

Anders Stokkeland døydde på nyåret 1919, 73 år gamal. Han hadde da vore styrar for Gudbrandsdal amtsskule i heile 43 år.

Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

  • Øveraas, Kristin: artikkel i Hemgrenda 2009. Ringebu 2009.
  • Åsmundstad, Per: Ringebu folkehøgskule 125 år 1876–2001. Lillehammer 2001.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!