Anders Stokkeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Anders Stokkeland (fødd 1846 i Vestnes, død 1919) var skulemann og kulturpersonlegdom i Gudbrandsdalen.

Han var son til Kristen Nilsen Stokkeland og Anne Olsdotter Lindset og voks opp på garden Stokkeland i Vestnes. I 1878 gifta han seg med Fredrikke Kristensdotter Stokkeland. Dei var tremenningar.

Dei fekk sju born: Valborg (1879), Einar (1881), Astrid (1883), Gudrun (1885), Marie (1887), Borghild (1889) og Frida (1895). Berre Gudrun har etterkomarar.

Anders Stokkeland var styrar for Gudbrandsdal amtsskule frå 1876. Amtsskulane kom i gang som ein reaksjon på dei frilynte folkehøgskulane som hadde vorte skipa på 1860 talet. Amtsskulen i Gudbrandsdalen var ambulerande og skulen flytte frå bygd til bygd. Fyrste vinteren var skulen i Skjåk, med tilhald i Mallaug skule.

Stokkeland hadde eksamen frå Klæbu seminar (1868). Etter eksamen var han huslærar i heimbygda i to år. Ved sida av studerte han framandspråk hos presten Krohg. Så kom han til Sarpsborg realskule i 1871. Fire år seinare søkte han – og fekk – stillinga som amtsskulelærar i Kristians Amt, som det heitte den gongen.

Det var i amtsskulen i Gudbrandsdalen at Stokkeland kom til å ha si livsgjerning. Fram til 1900 var skulen på flyttefot heile fjorten gonger, for skulen var berre to-tre år i kvar bygd. I 1900 fekk skulen fast tilhald i forsamlingslokalet Bølund i Ringebu.

Anders Stokkeland døydde på nyåret 1919, 73 år gamal. Han hadde da vore styrar for Gudbrandsdal amtsskule i heile 43 år. Han er gravlagd på Ringebu kyrkjegard.

Han har fått sterke lovord som lærar og pedagog. Ein av elevane hans, redaktør Kristian Prestgard, skreiv om Stokkeland i sjølvbiografien sin: "Bestyreren A. Stokkeland var uten tvil en av de ypperste lærerbegavelser, Norge har fostret. [...] evnerik, kunnskapsrik, veltalende og forståelsesfull. Han var en født lærer."

Stokkeland var heidersmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag (frå 1898) og i Gudbrandsdalslaget i USA (frå 1912). .

Kjelder og litteratur

  • Øveraas, Kristin: artikkel i Hemgrenda 2009. Ringebu 2009.
  • Prestgard, Kristian: Fra Heidal til Decorah. Otta 1996. (Om Stokkeland s. 43).
  • Åsmundstad, Per: Ringebu folkehøgskule 125 år 1876–2001. Lillehammer 2001.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!