Andersklubben under Helsem

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. nov. 2012 kl. 08:47 av Kallrustad (samtale | bidrag) (setter inn bildet i infoboksen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks matrikkelgård Andersklubben var ein husmannsplass under garden Helsem og låg på ein bergskolt ved Storfjorden lengst sør i Helsemvika. Namnet skal den i fylgje bygdeboka for Stranda ha fått etter ein Anders Olsen Kjelstad (1764-) eller Klubbe-Anders - ein husmann frå nabobygda Sunnylven som budde på plassen. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. I folketeljinga 1825 var Anders Olsen og kona Anne registrert som husmenn under garden Helsem. Det er uvisst når plassen blei lagt ned.

Litteratur

  • Kjølås. Gerhard: Stranda bygdebok I Gard og Grend, Molde 1954.
  • Solli, Arne, Individ - hushald - samfunn : fisk og jord som grunnlag for hushaldsetablering i Noreg kring år 1800, Bergen 1995.

Eksterne lenker

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 62°17′30″ N 6°57′52″ Ø