Veiledere, Administratorer, Skribenter
34 043
redigeringer
(Ny side: '''Arnhild Marie Fyllingsnes''' (født 14. april 1912 på Ådnekvam i Masfjorden kommune). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam, men har og budd ein stor del av livet på...) |
(++) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Arnhild Marie Fyllingsnes]]''' ( | '''[[Arnhild Marie Fyllingsnes]]''' (fødd [[14. april]] [[1912]] på [[Ådnekvam]] i [[Masfjorden kommune]]). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som den femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på [[Fyllingsnes]] fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til [[Knarvik sjukeheim]]. Mannen hadde nett blitt pensjonist då han døydde i 1977, snautt 67 år gamal. Dei fekk to barn, fleire barnebarn og på 100-årsdagen blei det trettande oldebarnet, Magnus, fødd. | ||
Skulegangen fekk ho på Andvik, og vegen dit gjekk gjennom veglaus utmark. I 2016 fortalde ho til Randi Bjørlo frå avisa ''[[Nordhordland]]'' om skulevegen at: | |||
::''«Ofte måtte vi vri kleda før vi gjekk inn i skulestova. Der sat vi våte til klokka var fire. Då var det godt å ha ei mor som kom i døra og tok oss i handa då vi kom heim»'' | |||
Alvoret byrja tidleg, mora sat og spann, strikka og vov ved vevstolen som stod i stua, og Arnhild og dei andre såg på og lærde teknikkane. Då Arnhild var 14 år reiste ho til seters og var der åleine i seks veker. Ho mista båe foreldra med to års mellomrom då ho var i tenåra, fyrst faren og så mora. Ingen av dei vart meir enn 50 år, og barna måtte ta over garden. Antingen Arnhild jobba på hermetikkfabrikken på Andvik eller var i teneste i [[Skjerjehamn]], måtte ho heim for å hjelpa til. I 1942 reiste ho til Fyllingsnes for å gå i teneste, og der traff ho mannen i sitt liv. | |||
I 2015 kommenterar Arnhild auken i hjelpemidlar i hushaldet soleis i eit intervju med Gunn Berit Wiik Berg: | |||
::''«Det verkar som dess meir hjelpemidlar ein får, dess travlare får ein det. Det me treng er meir tid til kvarandre»'' | |||
Etter at barna vart fødd blei ho heime med dei, det var ho aldri i tvil om at ho skulle gjere. På hundreårsdagen fortalde barna Anne Marie Molvik og Oddvar Fyllingsnes at mora er utruleg klår i hovudet og følgjer med på alt som skjer. Arnhild har dessutan har laga mange handarbeid i løpet av åra, ho broderer, strikkar, er veldig glad i hagearbeid og var ofte igang med hakke og spett. For å følgja med på det som skjer i verda les ho aviser og bøker. | |||
Sjølv fortalde Arnhild at dei hadde ein god familie og var flinke til å le i lag, medan familien fortel at ho kan fjetra folk når ho fortel om gamle dagar. | |||
Ordførar [[Astrid Aarhus Byrknes]] fortalde i 100-årstalen at Arnhild framleis var medlem av Lindås KrF, partiet ho og mannen melde seg inn i i 1945 – eller kanskje litt før. | |||
== Kilder og litteratur == | == Kilder og litteratur == | ||
*Berland, Ella Sandra Dahl: «Fekk nytt oldebarn på 100 årsdagen», s. 8 i ''[[Strilen]]'', tysdag 17. april 2012. | *Berland, Ella Sandra Dahl: «Fekk nytt oldebarn på 100 årsdagen», s. 8 i ''[[Strilen]]'', tysdag 17. april 2012. | ||
*Olsen, Stine Åsebø: «–Det er svære greier å verta 100 år», s. 2–3 i ''[[Nordhordland]]'', tysdag 17. april 2012. | |||
*Berg, Gunn Berit Wiik: «Kom for å takka Arnhild (103)», s. 28 i ''[[Strilen]]'', fredag 11. september 2015. | |||
*Bjørlo, Randi: «– Ei mor må ha tid til borna», s. 18-19 i ''[[Nordhordland]]'', laurdag 13. februar 2016. | |||
{{DEFAULTSORT:Fyllingsnes, Arnhild Marie}} | {{DEFAULTSORT:Fyllingsnes, Arnhild Marie}} |