Atrå kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. feb. 2015 kl. 20:34 av Peres (samtale | bidrag) (Ny side: Atrå kyrkje stod ferdig i 1836 og vart innvigd av prost og sokneprest Søren Schive 4. september 1836 med fleire av prestane i prostiet til stades. I 1936 var det arrangert eit gild...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Atrå kyrkje stod ferdig i 1836 og vart innvigd av prost og sokneprest Søren Schive 4. september 1836 med fleire av prestane i prostiet til stades. I 1936 var det arrangert eit gildt 100-års-jubileum med biskopen James Maroni som det naturlege midtpunktet. Ein komité med Halvor Gjøystdal, Olav Høgehaug og Anders E. Hedem førebudde festmarkeringa. Dei utarbeidde òg eit hefte med ein gjennomgang av Atrå kyrkjes historie. 150-års jubiléet i 1986 vart markert bl.a. med eit opptrykk av heftet frå 1936 med naudsynte tilføyingar dei siste 50 åra, skrive av Gunhild Dybdal.

Atrå kyrkje frå sud
Foto: Per Espeland (mai 2011)

Planar og byggerbeid

Den nye kyrkja vart plassert noko vest for tomta til stavkyrkja. Arkitekt Hans Ditlev Linstow utarbeidde teikningar, og han gjekk sterkt inn for ei langkyrkje. Tinndølane var ikkje heilt nøgde med dette forslaget; dei såg helst at ei krosskyrkje vart bygd. Men planane til Linstow vart etter enkelte justeringar vedtekne i Kgl. resolusjon juli 1828. I 1833 tok arbeidet til for alvor. Grunnarbeidet vart utført som pliktarbeid av ålmugen. Johannes og Nils Sjautveit, Hølje S. Håkåland og Halvor Knutsson Sålar gjorde murararbeidet for 2 mark dagen. Gjerpenskarane Kristen A. Rugstad og Kristen A. Stensås vart hyra inn for å utføre tømrararbeidet. Desse fagfolka hadde kompetanse til å skøyte stokkar og byggje tårnet i bindingsverk. Dei fekk 300 spesidalar kvar for arbeidet. Stensaas tok på seg snikkararbeidet innomhus for same summen – 300 spd. Sebjørn Kværndalen frå Rollag (Numedal) måla kyrkja ute og inne.

Endringar frå 1836 til i dag

Før sakristiet vart påbygd i 1924 var det ei dør midt på austveggen. Denne vart fjerna i 1895, og eit vindauge vart sett inn. Rommet til høgre for altaret vart innreidd som barnesakristi; dette rommet og prestesakristiet fekk begge dører mot aust. I 1908 vart det omfattande omvøling av kyrkjerommet. Sidegalleria vart tekne bort, omnane flutt inn til veggen, nye kyrkjestolar innsette og ny altartavle kom på plass.Heile kyrkja vart måla på nytt: galleri, søyler, preikestol, altertavle og døypestol vart måla kvite med gylde lister, elles er farga grønaktig. Firkanta felt i tak vart måla i mange sjatteringar. Elektrisk ljos vart installert i 1919. Nytt orgel vart kjøpt inn i 1922, og barnesakristiet måtte ofrast for å få plass til det nye orgelet. Nytt sakristi, teikna av arkitekten Ove Bang, vart påbygd i 1924. I 1925 donerte A/S Rjukanfos ei kyrkjeklokke som var eit fint supplement til dei to klokkene frå stavkyrkja. Sommaren 1932 vart bølgjeblekplater, som hadde vore til stor forarging for mange i kyrkjelyden, erstatta med blågrå skiferstein. I 1934 utvida ein kyrkjegarden mot aust. I 1939 vart det lagt fram planar for oppussing av kyrkja med nytt golv, nye omnar, panelarbeid i gangen, o.a., men krigen sette ein stoppar for dette arbeidet. I 1950 held ein fram med planane om vøling av interiøret. Eit stort lyft var det å engasjere rosemålaren Øystein Orekåse til å dekorere veggar, tak og preikestol i kyrkja. Markeringa etter restaureringa av Atrå kyrkje fann stad 13. april 1952 med mange kunstnariske innslag. Alfred Holtan filma delar av denne festgudstenesta. Planering av kyrkjegarden vart utført i 1955 med stor dugnadsinnsats frå folk i soknet. Alt da såg ein behovet for større plass på kyrkjegarden, men arbeidet med utvidinga vestover kom ikkje i gang før på 1970-talet. Den nye delen, med steingjerde mura av Torgeir Miland og eit bårehus med Torstein Skrindebakke som byggherre, stod ferdig i 1975. I 2005 vart den gamle steintrappa ved hovudinngangen til kyrkja teken bort og erstatta med ei betongtrapp og ei rampe for rullestolbrukarar.