Aure kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner
(byline, datering av bilete) |
({{nn}}) |
||
Linje 21: | Linje 21: | ||
[[kategori:korskirker]] | [[kategori:korskirker]] | ||
{{artikkelkoord|63.26584|N|8.52788|Ø}} | {{artikkelkoord|63.26584|N|8.52788|Ø}} | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 27. jan. 2016 kl. 09:56
Aure kyrkje (Mal:Nyn. Aure kyrkje, Mal:Bokm. Aure kirke), lokal uttale Örkjerkjå (NA) / Örkjerkjonn (D), er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og var hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme. Fram til Møre bispedømme vart oppretta i 1983 hørte prestegjeldet til Nidaros bispedømme. Kyrkja vart ramma av brann i 1924, men mykje av inventaret vart berga, og kyrkja vart attoppbygd att på same stad og i same stil som gamlekyrkja. Den noverande Aure kyrkje er oppført på same staden som den gamle Sankta Maria-kyrkja i Aure stod — ei stavkyrkje frå mellomalderen som vart riven i 1726. Aure prestegard ligg rett ovom kyrkja.