Aure sanitets gjentelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. des. 2015 kl. 12:03 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Aure sanitets gjentelag''' var ei sanitetsforeining på Aure som eksisterte i mange tiår. I Sykkylven, som elles i landet, vart det tidleg i 1900-åra etablert sanitetsforeiningar. E...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure sanitets gjentelag var ei sanitetsforeining på Aure som eksisterte i mange tiår. I Sykkylven, som elles i landet, vart det tidleg i 1900-åra etablert sanitetsforeiningar. Ei hovudoppgåve for desse foreiningane, som stort sett berre hadde kvinnelege medlemer, var å fremje eit godt helsestell i lokalsamfunna. Dei første åra var det særleg kamp mot tuberkulosesjukdomen som stod i fokus. Slik var det også for Aure sanitets gjentelag. Laget samla inn midlar som mellom anna vart nytta til utstyr til tuberkulosepasientane på Haukåsen. Dei gav også økonomisk stønad til sjukehusopphald til slike som trong det.

Saman med Sykkylven frilynde ungdomslag byrja dei med kinodrift på ungdomshuset Valhall i 1939. Meininga var at overskotet skulle gå til eit folkebad i ungdomslagskrinsen. I kontrakta som vart utarbeidd mellom dei to laga gjekk det fram at det skulle vere eit møterom med kjøkken i det planlagde folkebadet. Meirkostaden som dette møterommet ville føre til skulle dekkast av jentelaget, og dei skulle få disponere rommet. Ungdomslaget hadde allereie sitt hus, medan jentelaget hadde møta sine i private heimar.

Etter kvart fekk dei fleste heimane eigne baderom, så trongen for eige folkebad vart mindre. Pengane gjekk i staden inn som ein del av grunnkapitalen til det nye samfunnshuset på Aure som vart innvigd i 1969. I dette bygget vart det i tillegg til samlingssal med scene også symjehall og kjøkken. Husproblema til jentelaget var dermed overvunne.


Kjelder:

Jon Hole/Mindor Hjellegjerde: Sykkylven kommune - Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. Sykkylven 1983. Eldar Høidal: Opp og fram gjennom leik og alvot. Sykkylven frilynde ungdomslag 100 år. 1893 - 1993. Sykkylven 1993.