Auremarka - fornfunn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. apr. 2013 kl. 08:26 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Fornfunna på Aurefløten''' i Sykkylven sentrum dokumenterer ei minst 4000 år lang samanhengande busetjing i dette området. Det var i 1989 dei første funna her vart gjorde. De...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fornfunna på Aurefløten i Sykkylven sentrum dokumenterer ei minst 4000 år lang samanhengande busetjing i dette området. Det var i 1989 dei første funna her vart gjorde. Det var læraren, Per Arne Grebstad, som vart merksam på ei større samling med stein då kommunen sine folk var i ferd med å leggje gang- og sykkelveg forbi Sykkylven kyrkje. Grebstad kjende området godt og visste at jorda her skulle vere steinfri. Inne i mellom steinane vart det påvist kol. Arkeologar rykka raskt ut og kunne konstatere at dei funna som var gjorde viste tidleg busetjing i området. Allereie same året som det første funnet vart gjort, i 1989, gjorde Historisk museum i Bergen ei mindre utgraving i det aktuelle byggeområdet. Fleire utgravingar vart utførte då det vart klart at Sykkylven kommunen ønskte å byggje nytt helse- og sosialsenter på ei tomt like ved funnområdet. I løpet av 1991 og 1992 vart nærare fem mål av området på Aurefløten ved kyrkja avtorva og undersøkt. Fylkesarkeolog Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune leia utgravingane.

Under ein meter matjord vart det avdekka stolpehol som gjorde det mogeleg å skilje ut 15 – 20 hus i varierande størrelse. Dei minste var 8-10 meter lange, dei største opp til 60 meter. Bredden varierte frå 4-5 meter opp til 8-10 meter. Dei største husa var såkalla langhus med bustad for både menneske og dyr. Husa kan også ha hatt andre funksjonar, dei største kan ha tent offentlege føremål og vore samlingsstader for menneske i nærområdet, såkalla gildehallar. Husa som stod her har hatt parvis takberande stolper inne i huset, satt saman i grinder. Slike hustyper finn ein att over store delar av Nord-Europa. Dei mange stavløene i området er bygde etter det same hovudprinsippet. Det er truleg at ytterveggane har hatt ein form for flettverkskonstruksjon med leirklining, eller det kan ha blitt nytta ståande plank.

Det vart gjort relativt få funn av gjenstandar under utgravingane. Det som vart funne vitnar om daglege gjeremål knytt til hushaldet. Her er slaggklumper frå jernbearbeiding, nagler og spikar av jern, nokre knivar, eit spinnehjul, skår av leirkar og små brente beinfragment etter matlaging. I tillegg er det avdekt ei rekkje ardspor som går på kryss og tvers på markane ved sida av husa. Desse ardfurene er i dei fleste tilfella eldre enn husa som er funne. Etter C-14 dateringar har ein kome til at busetningsspora ved kyrkja skriv seg frå dei første 500 åra av vår tidsrekning, det vil seie periodane romertid og folkevandringstid. Det største huset som er funne, nærare 60 meter langt, vart bygd på 4-500-talet.

Vel 150 meter lenger mot sør på Aurefløten, ligg eit anna funnområde. Her er det funne bygningsspor som skriv seg frå bronsealderen, eller tidleg jernalder. I dette området er det skilt ut spor etter 5 - 7 hustufter av mindre dimensjonar enn jernalderhusa. Ytterveggane i desse husa er markert med stolperekker, og husa har hatt parvist berande stolper. Her er det funne store mengder med asbesthaldig keramikkskår.

Det er også gjort funn i bakkekanten noko sør for bronsealderplassen. Desse funna tyder på at det var busetnad i dette området allereie i slutten av yngre steinalder (4000 – 1800 f.kr). På denne tida gjekk sjølina høgare enn i dag, og dagens sentrumsområde låg då for størstedelen under vatn (Aurefløten).

Dei funna som er gjorde tyder på at Aurefløten var tilhaldsstad for ein stor gard som nytta ressursar i eit relativt omfattande område. I enden av det eine langhuset frå folkevandringstid er det funne spor som kan tyde på at det her stod ei smie. Truleg henta dei jernet frå jernvinneanlegg ved Nysetervatnet, om lag to mil frå Aurefløten. Det er elles påvist gravplassar på Aursneset, truleg brukt av dei som hadde tilhald på Aure.

Arkeologane har vunne mykje ny kunnskap gjennom utgravingane på Aurefløten. Noko av det mest særmerkte med funna er storleiken på dei største husa. Då funna vart gjorde var langhuset på nær 60 meter det lengste hus som nokon gong hadde vore avdekt i Norge. Dette viser at kunnskapane om byggeteknikk må ha vore relativt avanserte i Noreg allereie for to tusen år sidan, og at samfunnet må ha vore velorganisert, truleg rundt nokre mektige slekter. Auregarden er også eit svært tidleg eksempel på fast og stabil busetnad over eit avgrensa område. Aurefløten var fruktbar og sjølvdrenerande og lett å drive. Her var så store åkerareal å ta av at det var unødvendig å flytte sjølve garden.

Ikkje langt frå funnområdet ved kyrkja ligg dagens Aure-gard, eit klyngetun etter vestlandsk mønster. Dette tunet dannar då sluttpunktet i ei busetnadshistorie som spenner over eit tidsrom på fleire tusen år.


Kjelde:

  • Bjørn Ringstad: Aurefunna – sett i ein nasjonal/regional samanheng. I Utgreiing om fornfunna på Auremarka. Sykkylven kommune 1993.