Aursjøhytta

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. apr. 2009 kl. 09:07 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Aursjøhytta stod ferdig sommaren 1893 ved sida av setra Buvollen tilhøyrande garden Nord-SletteLesjaverk som den første hytta som [[Kristiansunds og omegns turistfor...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Aursjøhytta stod ferdig sommaren 1893 ved sida av setra Buvollen tilhøyrande garden Nord-SletteLesjaverk som den første hytta som Kristiansunds og omegns turistforening bygde heilt for eiga rekning. Arbeidet med hytta - som dei første åra vart kalla "Lesjehytten" vart utført av Per Nordsletten etter avtale med turistforeininga vinteren 1892-93 for kr 1500 fullt utstyrt med 10 senger. Hytta vart bygd med 3-4 toms plank og utvendig bordkledd. Høgd under mønsåsen var 6 alen. Setra på Buvollen vart rive i 1908 og flytt til Nordbue om lag 15 minutters gange nordafor gamalsetra. Per Nordsletten og sonen Jonas bygde ny turisthytte på den nye vollen i 1910. Familien Nordsletten var vertskap på "Lesjahytten" og Aursjøhytta i fleire generasjonar.

Den første hytta vart i 1908 seld til Ragvald Blakstad og vidareseld av han til A/S Aura som nytta ho som feriestad til Aursjøen vart oppdemt i samband med utbygginga av Aura-anlegget først i 1950-åra. Hytta vart flytt dit ho står no i samband med oppdemminga.

Formannen i Den norske turistforening, professor Yngvar Nielsen besøkte ifølgje gjesteboka "Lesjehytten" fleire gonger. Etter opphald der 9. og 10. august 1897 skreiv han: "lesjehytten er en af Landets bedste Turiststationer".

Litteratur

Haarstad, Gustav 1991: Torbudalen.

Nordsletten, Jonas ca 1937: "Om Aursjøhytta". Årsskrift for Lesja historielag 2001.