Austefjord Museumslag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
(heimesida er lagt ned)
Linje 9: Linje 9:
*Båtbygging, båtbruk og [[Notlag i Austefjordområdet]] krev og mykje tid.
*Båtbygging, båtbruk og [[Notlag i Austefjordområdet]] krev og mykje tid.


==Ekstern lenke==
For meir informasjon om Austefjord Museumslag og omvising i Austefjord Museum, sjå:
*[http://www.bygdetunet.no/?cid=21#cid=17 Heimeside under Volda bygdetun] (henta 29.6.2010)


[[Kategori: Austefjorden (Volda)]]
[[Kategori: Austefjorden (Volda)]]

Sideversjonen fra 19. jan. 2023 kl. 09:17

Austefjord Museumslag (AMU) vart starta av Austefjord Bondekvinnelag i 1972. Leiar i bondekvinnelaget, Anna Gjersdal, tok og på seg oppgåva som fyrste leiar i AMU. Oppgåva var å bygge eit Austefjord Museum for sørenden av Austefjord skule for å ivareta Årsetøysamlingane ved Andreas Årsetøy som dei då aldrande eigarane meinte vart vanskeleg å drive vidare frå Årsetøya.

AMU gjorde avtalar og samla mod og midlar nokre år og etter stor innsats frå bygdefolket med samarbeidspartnarar vart Årsetøysamlinga flytta til nytt museumsbygg i 1978. Bygging av montrar og ferdiggjering for framsyning tok og tid. Innviing av museet var i 1982. AMU eig framleis samlingane i Austefjord Museum som etter siste museumsreform blir drive under stiftinga Sunnmøre Museum etter samarbeidsavtale med Volda bygdetun.

AMU har som oppgåve å arbeide med lokalhistorie i Austefjordområdet og drive vedlikehald og omvising i Austefjord Museum. Prosjekt i arbeid er soleis:

  • Digitalisering av eldre bilete, lydband og filmar, og samle tekst til bileta og historier til filmane.
  • Registrering av skrivne artiklar om Austefjorden og ting som stammar frå bygda.
  • Båtbygging, båtbruk og Notlag i Austefjordområdet krev og mykje tid.