Volda bygdetun
Hopp til navigering
Hopp til søk

Konsert på Volda bygdetun.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2007)
Volda bygdetun på Haueleite er bygdemuseum for Volda kommune. Bygdetunet er ein rekonstruksjon av eit gardstun slik det såg ut etter det store jordskiftet på 1860-talet. Alle husa er frå Volda kommune, og husa er i høg grad bygningshistorisk representative for dette området.
Volda Sogelag eig Volda bygdetun, som 1. januar 2004 blei ei avdeling i Stiftinga Sunnmøre Museum.
Kjelder
- Birkeland, Narve F. 2011: Volda sogelag 100 år. Voldaminne s. 39-57.
- Heimesida til Volda bygdetun
|