Austefjord Museumslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. jul. 2010 kl. 21:42 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: AMU-Austefjord Museumslag vart starta av Austefjord Bondekvinnelag i 1972. Leiar i bondekvinnelaget, Anna Gjersdal, tok og på seg oppgåva som fyrste leiar i AMU. Oppgåva var å b…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

AMU-Austefjord Museumslag vart starta av Austefjord Bondekvinnelag i 1972. Leiar i bondekvinnelaget, Anna Gjersdal, tok og på seg oppgåva som fyrste leiar i AMU. Oppgåva var å bygge eit Austefjord Museum for sørenden av Austefjord skule for å ivareta Årsetøysamlingane ved Andreas Årsetøy som dei då aldrande eigarane meinte vart vanskeleg å drive vidare frå Årsetøya. AMU gjorde avtalar og samla mod og midlar nokre år og etter stor innsats frå bygdefolket med samarbeidspartnarar vart Årsetøysamlinga flytta til nytt museumsbygg i 1978. Bygging av montrar og ferdiggjering for framsyning tok og tid. Innviing av museet var i 1982. AMU eig framleis samlingane i Austefjord Museum som etter siste museumsreform blir drive under stiftinga Sunnmøre Museum etter samarbeidsavtale med Volda Bygdetun. AMU har som oppgåve å arbeide med lokalhistorie i Austefjordområdet og drive vedlikehald og omvising i Austefjord Museum. Prosjekt i arbeid er soleis:

  • Digitalisering av eldre bilete, lydband og filmar, og samle tekst til bileta og historier til filmane.
  • Registrering av skrivne artiklar om Austefjorden og ting som stammar frå bygda.
  • Båtbygging, båtbruk og Notlag i Austefjordområdet krev og mykje tid.

For meir informasjon om Austefjord Museumslag og omvising i Austefjord Museum, sjå: