Avaldsnes: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:


===Skipsgravene===
===Skipsgravene===
Den eldste kjente skipsgrava i Skandinavia stammar frå gravhaugen kalla Storhaug på garden Gunnarshaug nord for Avaldsnes. Ein trudde lenge at skipet i Storhaug var yngre enn skipa frå Oseberg og Gokstad, og at skikken med skipsgravleggjingar kom til Avaldsnes med Harald Hårfagre og hans slekt. Nye granskingar har vist at begravelsen i Storhaug fann stad om lag midt på 700-talet. Det var arkeologen Anders L. Lorange frå Bergens Museum som stod for utgravinga av Storhaug i 1887. Haugen var 40-45 meter i tverrmål og 5-6 meter høg. Berre fragment av skipet er bevart, men dei tyder på at storleiken har vore omtrent som for vikingskipa frå Vestfold (lengde 22-24 meter, breidde 5 meter). I grava fanst mellom anna to sverd, eit spyd, eit pilkogger med pilar, ein kniv, ein armring av gull som vog 43 gram, to sett spelebrikker laga av høvesvis rav og glas, ein bronsering,glasperler, eit vokslys og mange reiskap, mellom anna smedutstyr.           
Den eldste kjente [[skipsgrav]]a i Skandinavia stammar frå gravhaugen kalla Storhaug på garden [[Gunnarshaug]] nord for Avaldsnes. Ein trudde lenge at skipet i Storhaug var yngre enn skipa frå Oseberg og Gokstad, og at skikken med skipsgravleggjingar kom til Avaldsnes med Harald Hårfagre og hans slekt. Nye granskingar har vist at begravelsen i Storhaug fann stad om lag midt på 700-talet. Det var arkeologen Anders L. Lorange frå Bergens Museum som stod for utgravinga av Storhaug i 1887. Haugen var 40-45 meter i tverrmål og 5-6 meter høg. Berre fragment av skipet er bevart, men dei tyder på at storleiken har vore omtrent som for vikingskipa frå Vestfold (lengde 22-24 meter, breidde 5 meter). I grava fanst mellom anna to sverd, eit spyd, eit pilkogger med pilar, ein kniv, ein armring av gull som vog 43 gram, to sett spelebrikker laga av høvesvis rav og glas, ein bronsering,glasperler, eit vokslys og mange reiskap, mellom anna smedutstyr.           
 
 
 
 


[[Kategori:Karmøy kommune]]
[[Kategori:Karmøy kommune]]
[[Kategori:Tidligere kommuner i Rogaland]]
[[Kategori:Tidligere kommuner i Rogaland]]

Sideversjonen fra 21. mai 2008 kl. 10:00

Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd på neset. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggjingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til.

Gravfelt frå bronsealder

Vest for Avaldsnes kyrkje, på gardane , Ner-Haugo, Utvik og Vikshåland finst ein morenerygg som går i retning nord - sør. Ryggen vert kalla for Reheia eller Blodheia. Seks store gravhaugar frå bronsealderen ligg framleis her, den største rundt 30 meter i tverrmål og 7-8 meter høg. Gamle kart og andre opplysningar vitnar om at dei fleste haugane er blitt fjerna. Folketradisjonen har knytt haugane på Reheia til gravleggjingar etter slaget mellom Håkon den Gode og Guttorm Eiriksson på Avaldsnes. Ein av haugane har såleis fått namnet Guttormshaugen eller Prinsehaugen. Ein bautastein attmed denne haugen er blitt sett på som eit minnesmerke over den falne kong Guttorm og folka hans. Utgravingar på 1800-talet, dei fleste gjort av lokale bønder, men også nokre av museumsfolk, resulterte i ein del funn i haugane på Reheia. Berre eit fåtal av desse er bevart. I Guttormshaugen kom til dømes for dagen ein ubrent begravelse i eit gravkammer frå eldre bronsealder. Gravgåvene bestod mellom anna av eit bronsesverd, ein armring av gull og små stykker av tynt, hamra gull brukt som dekor.

Flagghaugen og jomfru Marias synål

Like nordaust for Olavskyrkja på Avaldsnes, på terassekanten ut mot Karmsundet, kan ein framleis sjå restane av gravhaugen som vert kalla Flagghaugen. Det var sokneprest Johan Lyder Brun som starta å grava ut haugen midt i 1830-åra fordi han måtte skaffa jord til fyllmasse på kyrkjegarden. Brun kom dermed til å finna den mest gullrike grava frå romartid som til no er kjent i Skandinavia. Ein mann med eit praktfullt tveegaa sverd, lanse, spyd og skjold var blitt gravlagt i haugen ein gong mot slutten av 200-talet etter Kristus. Ein massiv gullarmring i grava vog nesten 600 gram. Elles var her mellom anna ein fingerring av gull, ei gullnål, ymse gullfragment, 31 spelebrikker av glas, eit bronsespeil (det eldste speilet ein kjenner i Noreg), ei skålvekt av bronse, fleire vasar og fat av bronse, eit drikkebeger av sølv, sølvbeslag til drikkehorn og ein sil av bronse.

Attmed kyrkjeveggen, ikkje langt frå Flagghaugen, står bautasteinen kalla jomfru Marias synål. Han er 7,2 meter høg, og skal vera den høgaste bautasteinen i landet. Toppen er knekt av, så opphavleg har "synåla" raga endå høgare. Steinen lener seg inn mot kyrkjeveggen og ifølgje eit gammalt sagn skal dommedag intreffa når jomfru Marias synål tangerer Olavskyrkja. Det fanst ei runeinnskrift på bautasteinen, men denne er no viska bort.

Flagghaugen og jomfru Marias synål inngår i eit rikt fornminneområde like ved Olavskyrkja. Her har stått fleire bautasteinar, som no er borte. Like sør for kyrkja låg den store gravhaugen kalla Kjellarhaugen. Haugen, som ikkje er nærare datert, fekk namnet sitt då soknepresten brukte han til å anleggja potetkjellar i første del av 1800-talet.

Skipsgravene

Den eldste kjente skipsgrava i Skandinavia stammar frå gravhaugen kalla Storhaug på garden Gunnarshaug nord for Avaldsnes. Ein trudde lenge at skipet i Storhaug var yngre enn skipa frå Oseberg og Gokstad, og at skikken med skipsgravleggjingar kom til Avaldsnes med Harald Hårfagre og hans slekt. Nye granskingar har vist at begravelsen i Storhaug fann stad om lag midt på 700-talet. Det var arkeologen Anders L. Lorange frå Bergens Museum som stod for utgravinga av Storhaug i 1887. Haugen var 40-45 meter i tverrmål og 5-6 meter høg. Berre fragment av skipet er bevart, men dei tyder på at storleiken har vore omtrent som for vikingskipa frå Vestfold (lengde 22-24 meter, breidde 5 meter). I grava fanst mellom anna to sverd, eit spyd, eit pilkogger med pilar, ein kniv, ein armring av gull som vog 43 gram, to sett spelebrikker laga av høvesvis rav og glas, ein bronsering,glasperler, eit vokslys og mange reiskap, mellom anna smedutstyr.