Avaldsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olavskyrkja på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel

Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd på neset. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggjingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til.

Gravfelt frå bronsealder

Vest for Olavskyrkja på Avaldsnes, på gardane , Ner-Haugo, Utvik og Vikshåland finst ein morenerygg som går i retning nord–sør. Ryggen vert kalla for Reheia eller Blodheia. Seks store gravhaugar frå bronsealderen ligg framleis her, den største rundt 30 meter i tverrmål og 7–8 meter høg. Gamle kart og andre opplysningar vitnar om at dei fleste haugane er blitt fjerna. Folketradisjonen har knytt haugane på Reheia til gravleggjingar etter slaget mellom Håkon den Gode og Guttorm Eiriksson på Avaldsnes. Ein av haugane har såleis fått namnet Guttormshaugen eller Prinsehaugen. Ein bautastein attmed denne haugen er blitt sett på som eit minnesmerke over den falne kong Guttorm og folka hans. Utgravingar på 1800-talet, dei fleste gjort av lokale bønder, men også nokre av museumsfolk, resulterte i ein del funn i haugane på Reheia. Berre eit fåtal av desse er bevart. I Guttormshaugen kom til dømes for dagen ei ubrend gravleggjing i eit gravkammer frå eldre bronsealder. Gravgåvene bestod mellom anna av eit bronsesverd, ein armring av gull og små stykke av tynt, hamra gull brukt som dekor.

Flagghaugen og Jomfru Marias synål

Like nordaust for Olavskyrkja på Avaldsnes, på terassekanten ut mot Karmsundet, kan ein framleis sjå restane av gravhaugen som vert kalla Flagghaugen. Det var sokneprest Johan Lyder Brun som starta å grava ut haugen midt i 1830-åra fordi han måtte skaffa jord til fyllmasse på kyrkjegarden. Brun kom dermed til å finna den mest gullrike grava frå romartid som til no er kjent i Skandinavia. Ein mann med eit praktfullt tveeggja sverd, lanse, spyd og skjold var blitt gravlagt i haugen ein gong mot slutten av 200-talet etter Kristus. Ein massiv gullarmring i grava vog nesten 600 gram. Elles var her mellom anna ein fingerring av gull, ei gullnål, ymse gullfragment, 31 spelebrikker av glas, ein bronsespegel (den eldste spegelen ein kjenner i Noreg), ei skålvekt av bronse, fleire vasar og fat av bronse, eit drikkebeger av sølv, sølvbeslag til drikkehorn og ein sil av bronse.

Attmed kyrkjeveggen, ikkje langt frå Flagghaugen, står bautasteinen kalla Jomfru Marias synål. Han er 7,2 meter høg, og skal vera den høgaste bautasteinen i landet. Toppen er knekt av, så opphavleg har "synåla" raga endå høgare. Steinen lener seg inn mot kyrkjeveggen og i følgje ei gammal segn skal dommedag inntreffa når jomfru Marias synål tangerer Olavskyrkja. Det fanst ei runeinnskrift på bautasteinen, men denne er no viska bort.

Flagghaugen og Jomfru Marias synål inngår i eit rikt fornminneområde like ved Olavskyrkja. Her har stått fleire bautasteinar, som no er borte. Like sør for kyrkja låg den store gravhaugen kalla Kjellarhaugen. Haugen, som ikkje er nærare datert, fekk namnet sitt då soknepresten brukte han til å anleggja potetkjellar i første del av 1800-talet.

Skipsgravene

Den eldste kjente skipsgrava i Skandinavia stammar frå gravhaugen kalla Storhaug på garden Gunnarshaug nord for Avaldsnes. Ein trudde lenge at skipet i Storhaug var yngre enn skipa frå Oseberg og Gokstad, og at skikken med skipsgravleggjingar kom til Avaldsnes med Harald Hårfagre og Ynglingeætta. Nye granskingar har vist at gravleggjinga i Storhaug fann stad om lag midt på 700-talet. Det var arkeologen Anders L. Lorange frå Bergens Museum som stod for utgravinga av Storhaug i 1887. Haugen var 40–45 meter i tverrmål og 5–6 meter høg. Berre fragment av skipet er bevart, men dei tyder på at storleiken har vore omtrent som for vikingskipa frå Vestfold (lengde 22–24 meter, breidde 5 meter). I grava fanst mellom anna to sverd, eit spyd, eit pilkogger med pilar, ein kniv, ein armring av gull som vog 43 gram, to sett spelebrikker laga av høvesvis rav og glas, ein bronsering, glasperler, eit voksstykke med innrissa kross og mange reiskapar, mellom anna smedutstyr.

Den andre skipsgrava på Karmøy, Grønhaug, ligg på garden Bø nordvest for Olavskyrkja. Arkeologen Haakon Shetelig frå Bergens Museum grov ut haugen, som hadde vore plyndra tidlegare, i 1902. Han fann at Grønhaug var om lag 30 meter i diameter og 4 meter høg. Også i denne grava var berre fragment av skipet bevart. Det hadde truleg vore kring 15 meter langt og nærare 3 meter breidt. Store mengder dun frå dyner eller puter kom for dagen, saman med mellom anna skår av eit grønleg glasbeger, eit vokslys, to samanhengande ringar av bronse, restar av trekar og mange små tekstilbitar. Dateringa av Grønhaug er noko uklar. To C-14 dateringar har gitt som resultat 700-talet og første eller midtre del av 900-talet. Dette spriket kan kanskje koma av at det har funne stad fleire gravleggingar i haugen.

Arkeologen Arnfrid Opedal argumenterer i si doktoravhandling for at skipsgravene på Karmøy må sjåast i samanheng med politiske tilhøve i denne delen av landet før rikssamlinga. Både fornaldersagaer, som omtalar kongar på Avaldsnes, og arkeologisk materiale kan tyda på etablering av eit maktsenter ved Karmsundet med lokale støttepunkt i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Slike rike var sterkt personavhengige og utan faste grenser. Dei nøye iscenesette skipsgravleggingane i landskapet på Avaldsnes, prega av store gravhaugar frå bronsealder og eldre jernalder, kan ha vore forsøk på å skapa "lim" til oppbygging av eit nytt rike eller til å halda eit rike saman ved herskaren sin død. Dei gravlagte i skipa knytta truleg banda til forfedre og gudeverda, og begravelsane kan dermed ha legitimert dei nye makthavarane sin rett til å herska.