Avaldsnes kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 24. jan. 2018 kl. 22:58 av PaulVIF (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Avaldsnes kyrkje
Karmøy, Avaldsnes kirke sørvest.JPG
Kyrkja sett frå sørvest.
Foto: Siri Johannessen (2015).
Sted: Avaldsnes
Byggeår: omkr. 1250–1320
Endringer: Påbygd 1840, restaurert 1920-åra.
Via til: Olav den hellige
Kirkesamfunn: Til 1537: Den katolske kyrkje
Frå 1537: Den norske kyrkje
Bispedømme: Stavanger
Prosti: Karmsund
Prestegjeld: Avaldsnes
Fellesråd: Karmøy
Sokn: Avaldsnes
Teknikk: Mur
Materiale: Stein
Prekestol: 1920-åra
Døpefont: 1929, med dåpsfat frå 1500-talet
Alter: 1920-åra
Annen informasjon: Glassmåleri av Bernhard Greve, 1950.
Utafor kyrkja bautaen Jomfru Marias synål.

Avaldsnes kyrkje er ei steinkyrkje frå mellomalderenAvaldsnes i Karmøy kommune. Ho vart reist ein gong mellom 1250 og 1320, og har sidan vorte påbygd i 1840 og restaurert i 1920. Kyrkja er for mange mest kjend for bautaen Jomfru Marias synål som står utafor. Det vert sagt at om steinen, som lenar seg over mot kyrkja, nokon gong kjem nær veggen så kjem domedag.

Den første kyrkja på staden skal ha vore ei trekyrkje reist av Olav Tryggvasson. Truleg står steinkyrkja på same staden. Ho har vore eit viktig landemerke for dei som seglar gjennom Karmsundet heilt sidan mellomalderen. Kyrkja var ei tid den fjerde største i landet, og Håkon IV Håkonsson gjorde henne til eit kongeleg kapell, knytt til Avaldsnes kongsgard. Det var ein studiestad knytt til kyrkja, med fleira lærarar i jus og teologi, og truleg var det fire prestar der i mellomalderen. Peder Claussøn Friis nemnde i 1599 eit åttekanta kapittelhus i stein ved kyrkja, og ein skal ha sett ruinar av dette i 1840, men under påbygginga forsvann alle spor.

Jomfru Marias synål har namnet frå ei innskrift, no forsvunne, som sa «Mikael nest Maria». Andre ledd kan kome frå forma, som minnar om ei synål, men det kan også kome frå ei folkeleg forståing av innskrifta, då å nesta tyder å sy.

Tårnet på kyrkja var nær ved å verte rive under andre verdskrigen, då tyskarane såg at britiske flygarar kunne nytte det som landemerke. Riksantikvaren klarte å overtale dei til å reise eit overbygg i tre for å kamuflere kyrkja, så tårnet fekk stå. Dette var ikkje det opphavlege; tårnet frå mellomalderen vart reve i 1834. Ein tid sto det ein mindre takryttar der, og seinare vart ei fri rekonstruksjon reist.

Restaureringa i 1920-åra vart leia av Eyvind Mostue. Mellom anna vart altertavla, som dekka det midterste av tre vindauge i austveggen, fjerna. Det kom også på plass ny preikestol og ny døpefont. Himlinga i koret vart fjerna, og kvelvet vart malt blått.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 59.35589° N 5.29121° Ø