Bårsetbåten: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 9: | Linje 9: | ||
[[kategori:Karlsøy kommune]] | [[kategori:Karlsøy kommune]] | ||
[[kategori:Jernalderfartøy]] | [[kategori:Jernalderfartøy]] | ||
[[kategori:norrøne fartøy]] | |||
[[Kategori:Kulturminner fra vikingtida]] | [[Kategori:Kulturminner fra vikingtida]] | ||
[[kategori:nordlandsbåter]] | [[kategori:nordlandsbåter]] | ||
[[kategori:klinkbygging]] | [[kategori:klinkbygging]] | ||
{{f1}} | {{f1}} |
Sideversjonen fra 19. jan. 2016 kl. 10:48
Bårsetbåten er eit båtfunn som vart gjort i Bårsetmyra på Nord-Kvaløya i Karlsøy kommune i Troms i 1931. Båtrestane vart transportert til Tromsø Museum og rekonstruert som nirømming under leiing av Gutorm Gjessing i 1937. Ein alternativ rekonstruksjon, som sjurømming, vart gjort av Walter Meyer Pedersen og presentert som hovudoppgåve i arkeologi ved Universitetet i Tromsø i 2002. Dei to tolkningane er ganske ulike, inkludert i stamnforma. Stamnforma i den eldre rekonstruksjonen er markant krum, medan stamnforma i den nyare rekonstruksjonen har meir framspring og ein stamnkonstruksjon som liknar den vi blant anna finn i skipet og båtane frå Gokstadfunnet. Det er vanlig å rekne Bårsetbåten som «den eldste nordlandsbåten» — med krumstemningane som neste kjente ledd. Ein analyse av treverket ved Andreas Kirchhefer plasserer båten til 800-tallet og veksestaden for furua med rimelig sikkerheit til Nordland.
Kjelder
- Pedersen, Walter Meyer: «Bårsetbåten»
Bibliografi
- Pedersen, Walter Meyer: Bårsetbåten : en revurdering av rekonstruksjonen fra 1937. H.oppg. i arkeologi, Universitetet i Tromsø, 11-2002.