Bårsetbåten: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
[[kategori:fartøy fra Nordland]] | [[kategori:fartøy fra Nordland]] | ||
[[kategori:800-tallet]] | [[kategori:800-tallet]] | ||
[[kategori: | [[kategori:vikingskip]] | ||
[[kategori:nordlandsbåter]] | [[kategori:nordlandsbåter]] | ||
[[kategori:1931]] | [[kategori:1931]] | ||
{{f1}} | {{f1}} |
Sideversjonen fra 12. jan. 2012 kl. 14:07
Bårsetbåten er eit båtfunn som vart gjort i Bårsetmyra på Nord-Kvaløya i Karlsøy kommune i Troms i 1931. Båtrestane vart transportert til Tromsø Museum og rekonstruert som nirøing under leiing av Gutorm Gjessing i 1937. Ein alternativ rekonstruksjon, som sjuråing, vart gjort av Walter Meyer Pedersen og presentert som hovudoppgåve i arkeologi ved Universitetet i Tromsø i 2002. Dei to tolkningane er ganske ulike, inkludert i stamnforma. Stamnforma i den eldre rekonstruksjonen er markant krum, medan stamnforma i den nyare rekonstruksjonen har meir framspring og ein stamnkonstruksjon som liknar den vi blant anna finn i skipet og båtane frå Gokstadfunnet. Det er vanlig å rekne Bårsetbåten som «den eldste nordlandsbåten» — med krumstemningane som neste kjente ledd. Ein analyse av treverket ved Andreas Kirchhefer plasserer båten til 800-tallet og veksestaden for furua med rimelig sikkerheit til Nordland.
Kjelder
- Pedersen, Walter Meyer: «Bårsetbåten»
Bibliografi
- Pedersen, Walter Meyer: Bårsetbåten : en revurdering av rekonstruksjonen fra 1937. H.oppg. i arkeologi, Universitetet i Tromsø, 11-2002.