Bømlo kommune: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 21: Linje 21:
Flest arbeidsplassar finn ein i industrien, særlig i maskinproduksjon og næringsmiddelindustri. Men jordbruk og fiske er óg viktig; Bømlo er nest størst i fylket på fiske etter [[Bergen kommune|Bergen]].</onlyinclude>
Flest arbeidsplassar finn ein i industrien, særlig i maskinproduksjon og næringsmiddelindustri. Men jordbruk og fiske er óg viktig; Bømlo er nest størst i fylket på fiske etter [[Bergen kommune|Bergen]].</onlyinclude>


== Historie ==
Bømlo er i sin heilskap ein øykommune, og omfattar Bømlo (Bømmeløy), Goddo og Moster samt ca. 1000 andre øyar, holmar og skjer. Namnet kjem av norrønt Bymbil, i slektskap med nynorsk bembel, "navle" eller "mage", her i tydinga "tjukk, oppsvulma", dvs. ruvande.
Historia på desse kantar er rik og går langt tilbake i tid. Steinkyrkja ved Mosterhamn vart truleg bygd kring 1150 på tuftene av ei endå eldre kyrkje, som etter tradisjonen skal ha vore bygd av  Olav Tryggvason på slutten av 990-åra. Det var her Olav Haraldsson etablerte det norske kyrkjesamfunnet med den kristenretten han sette på rikstinget i 1024. Hendinga vert i dag markert med Mostraspelet, som kvart år vert vist på Moster Amfi. I 1995 var det ei stor markering på Moster for innføringa av kristendommen i Noreg. Her finn ein minnesteinar over Olav Tryggvason, Olav den heilage og biskop Grimkjell.
Søraust på Moster har det vore både marmor- og kalksteinsbrot. På Hespriholmen nordvest for Espevær var det ein regulær steinindustri i steinalderen, der grønstein i store mengder vart utvunne til våpen og reidskap. På Lykling på vestsida av øya Bømlo var det drift etter  gull av tre gruveselskap i perioden 1884-1910. På det meste var nærare 500 mann i arbeid her, og resultatet vart over 200 kg reint gull.
Kommunen vart oppretta i 1916, då den dåverande Finnås kommune vart delt i tre: Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 vart desse tre kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Sine noverande grenser fekk kommunen i 1995, då den vart utvida ved at øyane Aga og Agasøster i nordaust og Vikøy, Selsøy og Gisøy i nord vart overført frå Fitjar kommune. Kommunevåpenet viser eit sjøblad i sølv på raud botn, som skal symbolisera vassliljen som er svært vanleg i tjern og vatn kringom i kommunen, men dei tre blada symboliserer også dei tre tidlegare kommunane som utgjer dagens kommune.
[[Bømlo kystlag]] held til i kommunen. [[Langevåg fyrstasjon]] var aktivt frå 1855 til 1896.
[[Bømlo kystlag]] held til i kommunen. [[Langevåg fyrstasjon]] var aktivt frå 1855 til 1896.


Skribenter
1 575

redigeringer