Bømlo kystlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (La til informasjon om ein båt.)
m (Tilføye nokre ord.)
Linje 11: Linje 11:
«Skarven» er ei Rolfsnes snekke på 26 fot. Ungdommane i Bømlo Kystlag kjøpte denne i August [[2013]]. Ungdommane har ansvaret for vedlikehald og drift. Dei arbeidar flittig for å halde den i stand. Tanken bak denne snekka er å bevare ein del av den lokale kysthistoria på Bømlo. Det er berre i eit begrensa antall av Rolfsnesbåtane, og det talet vert ikkje større. Kystlaget såg ein moglegheit til å bevare og bruke denne båten som ein ressurs for kystkulturen på Bømlo.  

Skroget til «Skarven» vart bygd på Rolfsnes i 1986, og overbygget av mahogny er bygd i Skånevik hos Delta Plast. Motoren som står i båten er ein tre sylindra Yanmar med 33hk. Heimehavna er på Lyngneset i Mælandsvågen.
Skroget til «Skarven» vart bygd på Rolfsnes i 1986. Overbygget er teikna av Kristian Bredesen, som også er samme mann som bygga båten. Kr. Steinsbø laga overbygget, og det vart montert på Rolfsnes. Innredinga i båten er laga på Delta Plast i Skånevik. Motoren som står i båten er ein tre sylindra Yanmar med 33hk. Heimehavna er på Lyngneset i Mælandsvågen.

== Eksterne kilder ==
== Eksterne kilder ==

Sideversjonen fra 14. jan. 2014 kl. 16:54

«Guløy».

Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, «Guløy» med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt.

Kystlaget eige også motorkutteren «Sørvåg» på 38 fot. «Sørvåg» er bygd i 1982 og er den siste kutteren som er bygd i Noreg for fiskeri. Kutteren er i topp stand og blir brukt til turar og kystkulturarrangement rundt om.

Bømlo Kystlag disponerar «Canalvogterboligen» i Kulleseidkanalen midt på Bømlo. I «Canalvogterboligen» har kystlaget medlemsmøter, årsmøter etc. Kystlaget har klubbkveld kvar måndag klokka 18:00 på Lyngneset. Bømlo har mykje kystkultur og historie å ...by på, i tillegg til ein fantastisk skjergard. Kystlaget sitt formål er å ta vare på kunnskap, handverk, historie og tradisjonar tilknytt den lokale kystkulturen. Laget har også ei ungdomsgruppe som m.a. mekkar motorar.

Guløy

«Guløy» vart bygd i 1937, og er ein svært typisk representant for dei skøytene som det var hundretalls av langs Vestlandskysten i heile etterkrigstida. Fartøya gikk på sildefiske i sesongane og ofte fraktfart i roligare perioder, men dei siste 20-30 årea har dei nesten umerkelig forsvunni. Utvendig framstår fartøyet omlag slik som det såg ut i full drift, med unntak av fiskeriutrustninga. Innvendig er båten tilpassa behova hos nye eigarar og nye bruksområde. Fartøyet vart blant anna forlenga frå 40 til 50 fot i 1952. Motoren er en Wickman Type F 40-70 Hk. Fartøyet er i dag eigd av Bømlo Kystlag, og har heimehavn på Bømlo.

Skarven

«Skarven» er ei Rolfsnes snekke på 26 fot. Ungdommane i Bømlo Kystlag kjøpte denne i August 2013. Ungdommane har ansvaret for vedlikehald og drift. Dei arbeidar flittig for å halde den i stand. Tanken bak denne snekka er å bevare ein del av den lokale kysthistoria på Bømlo. Det er berre i eit begrensa antall av Rolfsnesbåtane, og det talet vert ikkje større. Kystlaget såg ein moglegheit til å bevare og bruke denne båten som ein ressurs for kystkulturen på Bømlo.

Skroget til «Skarven» vart bygd på Rolfsnes i 1986. Overbygget er teikna av Kristian Bredesen, som også er samme mann som bygga båten. Kr. Steinsbø laga overbygget, og det vart montert på Rolfsnes. Innredinga i båten er laga på Delta Plast i Skånevik. Motoren som står i båten er ein tre sylindra Yanmar med 33hk. Heimehavna er på Lyngneset i Mælandsvågen.

Eksterne kilder

Bømlo kystlags facebooksider.