Bastian Weiberg-Aurdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jul. 2012 kl. 12:24 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Bastian Weiberg-Aurdal (1891 - 1973) var ein lege og samferdselspioner frå Sykkylven. Han vart fødd på Karigarden på Velle i Sykkylven. Han tok examen artium i Bergen og var ferdig m...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bastian Weiberg-Aurdal (1891 - 1973) var ein lege og samferdselspioner frå Sykkylven. Han vart fødd på Karigarden på Velle i Sykkylven. Han tok examen artium i Bergen og var ferdig med legestudiet i 1920. Han etablerte då legepraksis i Ålesund, i Nedre Strandgate, der han kjøpte hus. Kvar laurdag reiste han inn til Sykkylven til garden som han eigde i Velledalen. SJølv om det ikkje var ofte han kunne sjå til gardsdrifta var Karigarden noko av eit mønsterbruk. Han var i fremste rekkje når det gaødt å ta i bruk moderne teknologi gardsdrifta. I 1935 kjøpte han traktor og lastebil og i 1937 installerte han mjølkemaskin. Saman med slektningar innførte han dei første dyra av Sør- og Vestlandsfeet til distriktet. Han dreiv også med oppdrett av hest.

For å kome enkelt heim til garden i Velledalen skaffa han seg ein eigen båt. Båten nytta han også når han reiste på doktorbesøk ut på øyane og innover i fjordane. I 1931 tok han eit steg til og skaffa ferge, Råna, som han sette inn i sambandet Magerholm - Ørsneset. Weiberg-Aurdal satsa eigne penger i kaibygginga. Ferga hadde plass til fire bilar, og det var klart at ho stetta eit behov etter kvart som fleire skaffa seg bil, også i SYkkylven. Like før krigen til Møre Fylkes Rutebåtar over drifta av ferja. I 2012 er dette den mest trafikkerte ferjestrekninga i Møre og Romsdal.