Bergheim (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. okt. 2010 kl. 08:20 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bergheim''' er eit ungdomshus i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Det ligg på Knippeneset like ved Mylkemyr skule og var ungdomshus for…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergheim er eit ungdomshus i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Det ligg på Knippeneset like ved Mylkemyr skule og var ungdomshus for Myklemyr ungdomslag. Huset stod ferdig i 1927 som det tredje av ungdomshusa i Jostedalen. Grunneigaren stile med fri tomt mot at huset kunne nyttast kostnadsfritt for alle lag og organisasjonar, og det vart svært mykje brukt både til verdslege og religiøse aktivitetar. Ungdomslaget var i drift fram til 1970-åra, og huset står no til nedfalls.

Dei to andre ungdomshusa i Jostedalen er Dølaheimen og Framheim.

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 351-352.