Bergstovegen

Bergstovegen i Fjågesund i Kviteseid kommune går austover frå Fjågesundvegen i Bergstogrenda, langs Flåvatn til den endar i skogen ved plassen Groa. Han er 6,9 kilometer lang. Dei første 4,6 kilometrane er kommunal veg med bustadhus og gardar, resten er skogsveg.

Parti frå Bergstovegen med tidlegare Bergsto skule til venstre.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Bergstogrenda/garden Bergsto.

Attmed vegen ligg Bergsto brygge som er anløpsstad for kanalbåtane.

Nr. 282 er Bergsto tidlegare skule som no er grendehus. Da Fjågesund fekk ny skule vart den gamle skulestoga frakta på vatnet ut til Oddebukti i Bergstogrenda og sett opp nede ved vatnet. Det var i 1912. Det var skule her fram til 1958. Da var det ikkje nok elevar, og skulen vart lagd ned.

Kilder


Koordinater: 59.29594° N 8.70022° Ø