Fjågesund

Fjågesund er ei grend i Kviteseid kommune i Telemark. Staden ligg ved Telemarkskanalen, ved den vestre enden av Flåvatn og ved Straumen, sundet som knyter Kviteseidvatnet til Flåvatn.

Fjågesundvegen i Fjågesund sett sørover med skulen til venstre.
Foto: Roy Olsen (2021).

Fjågesund brygge har anløp av kanalbåtane M/S «Victoria» og M/S «Henrik Ibsen».

Fjågesund kyrkje er ei langkyrkje frå 1916 bygd i ein stavkyrkjeinspirera stil etter teikningar av arkitekt Haldor Larsen Børve.

Fjågesund skule vart oppført i 1911 som eit lafta tømmerhus på halvannan etasje. Skulen vart påbygd i 1946 og 1997, men vart nedlagt i 2010.

Fjågesund landhandel låg i Hassvikvegen 29A. Butikken vart nedlagd i 2010 og huset rive ca. 2022. Arne Gravir var siste handelsmann her.

Namnet uttalast [fjå:`gesonn]. Ifølgje Norsk stadnamnleksikon er det sett saman av adjektiv «fjalgr» (fjåg, vakker) og sund.

Galleri

Kjelder og litteratur

Koordinater: 59.30313° N 8.69415° Ø