Berit Erlendsdotter Veflen
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Berit Erlendsdotter Veflen (fødd 1840 i Vang i Valdres, død 1931 same stad) var gardkone på Nørre Vøvle (Veflen), Høre sokn i Vang.
Ho vaks opp på Vøvle, som dotter av Erlend (Elling) Olsson (1804-1870) og Anne Andrisdotter Bunde (1814-1900). Faren hadde vore gift før, men den fyrste kona hans, Berit, døydde i 1834. Berit Erlendsdotter hadde difor både heil- og halvsysken.
I 1862 gifta ho seg med Jon Torsteinsson (1837-1934) frå Nedre Kjøs (gnr. 94/1, seinare kalla Lalim), son av Torstein Ivarsson og Sigrid Jonsdotter f. Remme. Jon og Ola, bror hennar Berit, dreiv fyrst Vøvle i lag, men i 1867 reiste Ola og familien til Amerika. Jon overtok då heile garden.
Jon og Berit Vøvle fekk desse sju borna:
- Torstein (1862-1884). Han bada og drukna i elva ved garden.
- Anne (1864-?), gift med Svein Rengistad på Røvang i Vestre Slidre.
- Sigrid (1866-1940), ugift, budde på Vøvle.
- Berit (1869-1937), jordmor, gift med Hans H. Rogstad i Gjerdrum.
- Kjersti (1874-?), til Amerika, ugift.
- Andris (1878-1952), overtok garden.
- Ola (1881-?), til Amerika, gifta seg der.
Sonen Andris vart gift med Ragndi Kristoffersdotter Kvål, og dei overtok både Vøvle òg farsgarden hennar, der dei heldt til storparten av tida. Folketeljinga i 1910 syner at Jon og Berit Vøvle budde som livaursfolk på Vøvle, saman med dottera Sigrid «som styrer huset for sine forældre». Til hushaldet høyrde òg Sigrid si dotter, Inga.
Både Berit og Jon vart riktig gamle; høvesvis 91 og 97 år.
Kjelder og litteratur
- Berith Ellendsdatter i folketelling 1865 for Vang prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Berit Erlingsdatter i folketelling 1910 for Vang herred fra Digitalarkivet.
- Frøholm, Anders: Valdres Bygdebok I Del C : Gardar og slekter i Vang. Høre sokn, Valdres Bygdeboks forlag 1991. Mal:Bokhylla, s. 92 og 212-213.