Birtedalen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2017 kl. 06:49 av Kallrustad (samtale | bidrag) (litt formatering m.m.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Birtedalen skulehus.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2007).
Birtedalen skulehus.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2007).

Birtedalen skule i Fyresdal er bygd 1922. Nedlagd som skule 1968.

I Fyresdal har ein ei rekke med skulehus med variert utforming avhengig av perioden dei vart bygd. Ein periode vart eit langsgåande bislag trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar. Slik er det med Åsland skulehus bygd 1926 og Birtedalen skulehus bygd 1922.

Birtedalen skulehus fungera som grendehus for området. I den samanhengen vart det litt påbygd og ombygd. Det blei avgjord frå kommunen si side at skulen skulle rivast. Dette blei då gjennomført i mai 2017.

Kjelde

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.