Bjåen (grend): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
m ({{nn}}) |
m (Teksterstatting – «\* {{kartverket\|([0-9]*)}}» til «») |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
* Olsnes, Aanund: ''[[Heimar og folk i Bykle]]''. 2006. | * Olsnes, Aanund: ''[[Heimar og folk i Bykle]]''. 2006. | ||
[[Kategori:Grender og bygdelag]] | [[Kategori:Grender og bygdelag]] |
Nåværende revisjon fra 12. jan. 2024 kl. 13:05
Bjåen er den nordlegaste grenda i Bykle kommune i Setesdal. Ho ligg omlag midtvegs mellom Bykle og Grungedal, og er den første busetnaden ein kjem til om ein tar vegen inn i dalen nordfrå. Bjåen ligg i eit fjellområde, der det er godt beite for småfe, men ikkje så lett å dyrke noko.
Grenda har namn etter garden Bjåen, som er matrikulert under Breive. Den første busetnaden i området kom seinast på 800-talet, då det vart oppretta ei jernvinne her. Men garden slik han ligg i dag går ikkje lenger tilbake enn til 1800-talet.
Bjåen turiststasjon vart oppretta mot slutten av 1800-talet. Seinare, i 1930-åra, vart også Bjåen fjellstoge etablert.
Kjelder
- Olsnes, Aanund: Heimar og folk i Bykle. 2006.