Bom Bom-huset i Holmen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. apr. 2020 kl. 07:29 av M A M (samtale | bidrag) (Overskrift)
Hopp til navigering Hopp til søk

Huset Bom Bom på kaien i Balestrand er bygd av Kvikne som sommarbustad for gjester og hotell-tilsette. I første etasje var det opphavleg frisør- og barbersalong. På 1990-talet vart huset ein del av Norsk Reiselivsmuseum.

Tilbod til turistane

På 1920- og 1930-talet kom frisørar og barber frå Bergen, og ei tid frå kontinentet, for å ha salong i Balestrand. Slike tjenester var viktige for å konkurrere om turistane. Mangelen på komfort og tjenester som frisør og barber var slikt som gjorde at mange reisande heller valde eit flytande hotell framfor lokal overnatting på norgesreisa.

Huset

Huset er ein del av kaimiljøet, litt tilbaketrekt, ved sida av Kaihuset. Det har enkel dekor, med sveitsarelement, som er framheva ved hjelp av fargar.

Under restaurering i 1996 vart det funne aviser frå 1917, brukt som isolering, så det er rimeleg å tru at huset er bygt på den tida. Det vert fortalt at materialane skal ha kome frå den gamle hotellbygningen som vart riven i 1912.

I 1996 hadde huset store råteskadar og heile første etasje vart riven for å få nytt golv og mur. Under arbeidet viste det seg at huset opphavleg har hatt open svalgang, truleg både i fyrste og andre etasje, men desse har tidleg vorte bygde inn som ein del av romma. Huset har no fargar som er nær opptil det opphavlege eksteriøret.

Ein fast gjest

Den svenske kunstnaren Einar Enblom (1900-1936) var årviss gjest i Balestrand. Mellom mange gode vener her var hotelleigar Sigurd Kvikne. Enblom budde lange periodar hjå Kvikne-familien, gjerne innlosjert i det vesle huset på kaien. Borna i familien kalla han Bom og etter dette skal namnet Bom Bom koma. Enblom måla landskapsmotiv, helst frå Balestrand og Sveits. Han var godt kjend i bygda og det finst mange bilete etter han her, men han sette få spor etter seg i den offisielle kunsthistoria.

Hotelljentene

Hotella var mellom dei første kvinnearbeidsplassane på bygdene og dei som hadde høve, fekk seg arbeide her om somrane. Då det nye hotellet opna i 1913, kunne dei ha kring 30 jenter tilsett i høgsesongen. Det var 12 som arbeidde i matsalen, og resten hadde ansvar for rom og vaskeri.

Den første tida var det helst jenter frå distriktet. Frå 1940 -50-åra har arbeidsfolk vorte rekrutterte frå heile landet og mykje frå utlandet. Etter krigen vart det populært for ungdom frå Danmark, England, Island og USA å ta sommarjobb på norske hotell. Slik har det også vore i Balestrand. Den vesle bygningen Bom Bom har gjennom mange år, heilt fram til 1980-talet, vorte nytta som bustad for jenter på Kviknes Hotel.

Kjelde

https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/7e5f280a-83e9-41a1-8671-5652c3ad8fe9/Solveig Jordal

https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/samfunn/industri-naring-og-bedrifter/bom-bom-huset/1900/77692/