Bondeheimen (Kristiansund)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2023 kl. 13:37 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Næringsliv» til «»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bondeheimen, eller Hotell Fosna, i Kristiansund var eigd og drive av Fosna Mållag frå 1909.

Mållaget, som vart stifta i 1900, dreiv fyrst kaffistove i Sannesgarden frå 1906, men kjøpte tre år seinare Marmorgarden, der det i tillegg til kaffistove også var rom for å drive hotell.

Hotellet hadde 40 rom og veggmåling av Jonas Peson. Under andre verdskrigen brann det, men vart bygd opp att som Hotell Fosna i Hauggata 16.

Nordmøre Ungdomslag prøvde lenge å få til lagsbruk i Kristiansund, men det vart ikkje noko av.

Kjelder