Borsholm skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Borsholm skule frå 1930 er plassert 60-70 meter frå vegen til Skiveneset i Hyllestad kommune.

Skulekrinsen

Borsholm krins oppstod når det i 1929 vart fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul. Det vart strid mellom kretsane om kvar skulehuset skulle plasserast.

Frå 1930 til langt ut på 1950-talet var det same lærar som underviste 14 dagar på Borsholm skule og 14 dagar i Storakersund. Læraren tok med seg skulekista og anna utstyr og flytta mellom skulane.

Skulehuset

Skulen vart først bygd på Hatlem og fungerte som skulehus der frå 1907 til 1928. Etter dette vart skulehuset flytta til Borsholm. Skulehuset vart frakta med båt til Borsholm. Kvar planke var merka og skulehuset vart sett opp slik det hadde vore på Hatlem, men med kjellar i tillegg. På skuleplassen vart det også sett opp eit uthus på ca 18 m2. Det var eit nettinggjerde rundt skuletomta.

Huset hadde hovudetasje med skulestove og materialrom, kjellar og roteloft. Grunnflata var på til saman 60 m2. Det var vatn og ein vedkomfyr i kjellaren. I statren brukte ein parafinlamper, men i 1953/54 fekk skulen elektrisitet til lys. Oppvarming var vedfyring heilt til skulen vart lagt ned i 1965.

Skuledagen

Elevane gjekk på skule i to veker og hadde fri i to veker. Kvar dag starta med salmevers og vart avslutta med Fager kveldssol smiler. Det var mykje pugging i skulen på 30-talet og ein vart straffa med skammekrok eller opphald på gangen om ein ikkje kunne leksa. Ein fekk karakterar i alle fag frå første året på skulen. Dette endra seg gradvis over tid. I det lange friminuttet midt på dagen leika borna mellom anna slåball, hauk og due, siste par ut, sprette pinne og slå på ring.

Anna bruksområde

Skulehuset fungerte som samlingsstad i krinsen og vart nytta til juletrefestar, misjonsbasarar med meir. Det vart ofte dekka langbord og servert rømmegraut og lefse. På 80-talet var det ikkje lenger skule på Borsholm, men bygningen vart lånt ut til Folkeakademiet som blant anna hadde vevkurs i huset.

Gunnar Risnes kjøpte huset i 1969. Huset har vorte restaurert og gjort om til fritidsbustad.

Skulevegen

Kjelder

  • Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
  • Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.