Borsholm skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Borsholm skule frå 1930 er plassert 60-70 meter frå vegen til Skiveneset i Hyllestad kommune. Det var skule på Borsholm i 35 år, frå 1930 til 1965. Skulen var i si levetid prega av store samfunnsendringar, krig, sentralisering og pedagogisk utvikling.

Skulekrinsen

Borsholm krins oppstod når det i 1929 vart fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul. Det vart strid mellom kretsane om kvar skulehuset skulle plasserast. På dette tidspunktet var det få vegar mellom gardane og grendene i dei to skulekrinsane. I juli månad i 1929 vart det bestemt at ein skulle finne midtpunktet for dei to skulekrinsane og plassere den nye skulen der. Vegen frå Skivenesvåg i eine enden til den nye bruket på Våge i andre enden var på 6,88 km. Midtpunktet var midt på utmarka for bruka på Borsholm. Her var det to mogelege tomter: ei som låg 70 meter aust for midtpunktet og ei som låg 150 meter mot vest. Åsmul og Skivenes had kvar sin favoritt. Ei ekstra utfordring kom då dei som budde på Hatløyna også ville vere med å bestemme kva som var midtpunktet i krinsen. Alle ønskjer kortast mogeleg veg for ungane sine. Krinsane vart ikkje eininga og måtte til slutt be heradsstyret om å fatte ei avgjerd. Denne saka finn ein i skulestyreprotokollen frå 12. desember 1929.

Frå 1930 til langt ut på 1950-talet var det same lærar som underviste 14 dagar på Borsholm skule og 14 dagar i Storakersund. Læraren tok med seg skulekista og anna utstyr og flytta mellom skulane.

Skulehuset

Skulen vart først bygd på Hatlem og fungerte som skulehus der frå 1907 til 1928. Etter dette vart skulehuset flytta til Borsholm. Skulehuset vart frakta med båt til Borsholm. Kvar planke var merka og skulehuset vart sett opp slik det hadde vore på Hatlem, men med kjellar i tillegg. På skuleplassen vart det også sett opp eit uthus på ca 18 m2. Det var eit nettinggjerde rundt skuletomta.

Huset hadde hovudetasje med skulestove og materialrom, kjellar og roteloft. Grunnflata var på til saman 60 m2. Det var vatn og ein vedkomfyr i kjellaren. I statren brukte ein parafinlamper, men i 1953/54 fekk skulen elektrisitet til lys. Oppvarming var vedfyring heilt til skulen vart lagt ned i 1965.

Skuledagen

Elevane gjekk på skule i to veker og hadde fri i to veker. Kvar dag starta med salmevers og vart avslutta med Fager kveldssol smiler. Det var mykje pugging i skulen på 30-talet og ein vart straffa med skammekrok eller opphald på gangen om ein ikkje kunne leksa. Ein fekk karakterar i alle fag frå første året på skulen. Dette endra seg gradvis over tid. I det lange friminuttet midt på dagen leika borna mellom anna slåball, hauk og due, siste par ut, sprette pinne og slå på ring.

Fram til 1951 var Borsholm skule samla. Frå 1951 til 1961 var han todelt, deretter samla fram til siste skuleåret, 1964/65, då den igjen var todelt. I 1961 vart 4. og 5. skuledag innført, og elevane fekk denne ekstra undervisninga ved Skifjord skule.

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Øen Jens Borsholm skule 1944 1945
Åsmul Georg Borsholm skule 1945 1946
Kvammen Mateus Borsholm skule 1946 1947
Kvamme Alvhild Borsholm skule 1947 1948
Tuland Anne Lise Borsholm skule 1948 1949
Bjelkerøy Didrik Borsholm skule 1949 1950
Rutle Odd Borsholm skule 1950 1951
Lunde Njål G. Borsholm skule 1951 1952
Holten Oddlaug Borsholm skule 1952 1955
Sørebø Signy Borsholm skule 1955 1956
Sørebø Svanhild Borsholm skule 1959 1961
Søfteland Rune Borsholm skule 1956 1958
Sørebø Signy Borsholm skule 1958 1959
Leirpold Asbjørn Borsholm skule 1961 1962
Bygnes Per Borsholm skule 1962 1963
Tonning Sigbjørn Borsholm skule 1963 1964
Bjergene Kjellaug Borsholm skule 1964 1965
Ytrefjord Gjertrud Borsholm skule 1937 1944
Risnes S.E. Borsholm skule 1933 1936 Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965, Sogeskrift frå Hyllestad / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Øen Finn Borsholm skule 1936 1937 Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965, Sogeskrift frå Hyllestad / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Anna bruksområde

Skulehuset fungerte som samlingsstad i krinsen og vart nytta til juletrefestar, misjonsbasarar med meir. Det vart ofte dekka langbord og servert rømmegraut og lefse. På 80-talet var det ikkje lenger skule på Borsholm, men bygningen vart lånt ut til Folkeakademiet som blant anna hadde vevkurs i huset.

Gunnar Risnes kjøpte huset i 1969. Huset har vorte restaurert og gjort om til fritidsbustad.

Foto

Kjelder

  • Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
  • Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Skulestyreprotokollar og skuledagbøker frå Hyllestad kommune.


Koordinater: 61.2204° N 5.0676° Ø