Botnagrend

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. aug. 2016 kl. 19:43 av Lars Botnen (samtale | bidrag) (Ny side: '''Botnagrend - Botnen''' Botnagrend er navnet på ei avsides grend i Kvam herad i Hardanger. Den ligg innerst i ein smal fjordarm som heiter Fyksesund. Nå er staden nesten avfolka, d...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Botnagrend - Botnen

Botnagrend er navnet på ei avsides grend i Kvam herad i Hardanger. Den ligg innerst i ein smal fjordarm som heiter Fyksesund. Nå er staden nesten avfolka, der bur berre ein mann fast heile året. Rundt 1950 var der mellom 50 og 60 meir eller mindre fastbuande. Går vi attende til midt på 1800talet budde der nok over 150 fast. Om lag halvparten drog til Amerika, fridomens land og med moglegheiter for alle til å verte rik. Nokre av de som flytta dit frå Botnen vart det, andre vart aldri meir spurde. Grenda tilhøyrer fortsatt ikkje vegnettet og fekk elektrisk ljos i 1951.For å kome dit lyt ein bruke båt eller gå over fjellet frå Voss. Nærmaste stad som har offentleg vegsamband er Porsmyr, 6 km frå Botnagrend.

Navnet på staden har gjennom tidene variert ein del. I nokre skriftlege kjelder er navnet Ovnegrenden brukt, navnet går då på grenda som ligg innafor ei stad som heiter Ovnen. Botnagrend har vore vanleg dei siste åra, men også berre Botnen. Personleg er eg mest van med Botnen. Historisk sett er staden kjend av fleire årsaker, men kanskje mest på grunn av dei to felemakarane som tilsaman produsert ein stad mellom 1000 og 2000 feler, feler som sidan er kalla Hardimgfeler. Dette gjev desse to karane ein unik plass i norsk folkemusikk. Ein annan grunn er at to stortingsmenn og ein biskop, i Nidaros, kjem derfra, i tillegg til nokre andre meir eler mindre kjende.

Denne nettstaden ynskjer eg å bruke til å dokumentere den plassen staden fortenar å ha i norsk historie og kultur. Noko kjem eg til å skrive sjølv, noko legg eg inn som andre har skrive, men eg vonar og at andre kan delta med soger, forteljingar, facts og anna frå Botnegrend.

Nokre ord om meg sjølv: Eg er fødd i 1937, voks opp på Botnen, flytte på hybel i Øystese litt over 13 år gamal for å gå på skule. (Framhaldsskulen) Teke 3 mellomfag ved UiB og UiB i fagene tysk, fransk og historie. Busett i Asker frå 1965 og har arbeid i ungdomskulen der. Var skulesjef i kommunen i nokre år, deretter tilsett på åremål som skule- og barnehagesjef 1994 - 2000. Avslutta som spesialrådgjevar i Eindomsforvaltningen i nokre år. Har to born, kona døydde av kreft i 2011.