Bratteland (Bykle gnr 9): Forskjell mellom sideversjoner

bilete
(bilete)
(bilete)
Linje 38: Linje 38:
Vidare skal me halde det for truleg at Jon på Bratteland frå 1624 og frametter var den same mannen som er notert som sambrukar med Bjørgulv på Nesland frå 1610 til 1619. Dette er ei gjeting, men til støtte for henne kan førast opp at det ikkje budde nokon på Bratteland så lenge det var ein medbrukar på Nesland som heitte Jon, og det ser det ut til at det var så lenge Bjørgulv livde. Med andre ord tenkjer me oss at Jon, som var gift med dotter åt Bjørgulv, var medbrukar hjå verfaren, men då Bjørgulv døydde, og borna dela eigene hans, flutte Jon og kona hans til Bratteland.  

{{thumb|Bratteland 2.jpg|Me har ingen spesifikke opplysningar om kva dei kunne sitje med av husgeråd eller utstyr på Bratteland i 1600-åra. Men det er lov å gjeta, og at dei hadde minst ei mjølbyre omlag av same slaget som den på biletet ved sidan av, er temmeleg sikkert, ettersom det var slike på alle gardar. Som ein ser er det ei rettvegga laggetunne med tregjorder og øyro til å feste loket i. Diameteren er ca 60 cm, høgda ca 110 cm, noko som gjev eit volum på vel 300 liter. Til samanlikning var ei vanleg handelskorntunne, av dei som byklarane var til byen og henta, på 139,4 liter. Byra ved sidan av finst i Henriksen-samlinga, og biletet kjem frå Setesdalsmuseet. Museet har registrert byra med nummeret MOR00378.}}
I den gamle gards- og ættesoga (74) står det at kona åt Jon heitte Guri (eller rettare Gyro), men det trur me er nokså på vona. Rett nok har me noko seinare funne ei Gyro Bjørgulvsdotter på Bratteland, men som me kjem attende til, kan ho vanskeleg ha vore dotter åt Bjørgulv Nesland. Det lisle me veit om Jon og folket hans kan setjast opp som fylgjer:  

Linje 100: Linje 101:
:* Knut, f ca 1731, til stades 1747, seinare lagnad ukj.  

:* Knut, f 1736, d [[Bjørnarå (Bykle gnr 18)|Bjørnarå]] 1774, ug  

{{thumb|Bratteland 3.jpg|Mjølkeholk med beresilar av vidjer. Breidde ca 45 cm, høgde ca 75 cm. Om holken hadde vore rund, ville han teke kring 70 liter, men det ovale tverrsnittet reduserer volumet ein god del, og me gjet på at det ligg på omlag 50 liter. Slike holkar fulle av mjølk eller rjome vart nok i tyngste laget til at ein kar kunne bera dei særleg langt på ryggen, men når ein festa ein på kvar side av klyvsalen, slik at det vart jamvikt, kunne hesten føre avdråtten heim frå støylen. Holken på bilet finst i Huldreheimen, Setesdalsmuseet registrerte han med nummeret HU0258, og skaffa biletet av han.}}
At Tallak var to vender gift er gjeting, men fødselsåra til borna tykkjest peike i den lei. Far åt Gunhild, som truleg var andre kona, var Olav Torleivsson Stavenes (e.). Kva mora heitte har me ikkje lukkast i å finne ut, men me har kome til at ho må ha vore ei knutsdotter frå [[Mosdøl (Bykle gnr 13)|Mosdøl]].  

Linje 214: Linje 216:
::* Nels, f 1972, d 1952, g m Magda Stengelson, 2 born

::* Elizabeth, f ca 1874, d etter 1942, g m Dennis LeSage, 5 born  

{{thumb|Bratteland 3b.jpg|Kart over Nord-Dakota. Som ein ser ligg Pennington og Haakon Counties, der Julia Eggen budde i den vestre parten av staten, litt nedanfor midten. Frå US Census Bureau.}}
{{thumb|Bratteland 4.jpg|Då dei kom til Kristiansand, fann dei at skipet dei hadde tinga seg rom på hadde reist. Teikning av Tove Krogh 2005.}}
Far åt Kjersti Olavsdotter, kona åt Ånund Bratteland, heitte Olav Høljesson Lien, og kom frå [[Midtre Lii (Seljord)|Midtre Lii]] i [[Svartdal (Seljord)|Nord-Svartdal]] i [[Seljord kommune|Seljord]].  

Linje 265: Linje 269:
:* Bjørgulv(y.), f 1833, g 1859 m Targjerd Kjetilsdtr. Harstad, f 1832, til Amerika 1866, sjå nedanfor, jfr. [[Systog (Bykle gnr 9/5)|Systog]], bnr 5  

:* Odd, f 1835, g 1859 m Gro Bjugsdtr. Åkre, til Amerika ca 1880, sjå [[Nordstog (Bykle gnr 9/1)|Nordstog]], bnr 1  

{{thumb|Bratteland 5.jpg|Mellom lausøyren på auksjonen i 1854 var også eit bakstetraug, som truleg kan ha sett ut omlag som det ved sidan av. Det er på ca 60 x 40 cm, og som ein ser har det byrja å sprekke, slik at det har vore turvande å forsterke det med heimesmia jernbygler. Trauget ligg i Huldreheimen, Setesdalsmuseet gav det reg.nr HU00120 og fekk teke biletet av det.}}
På skiftet etter Tarjei Oddsson i 1853 vart kaupmann Lauritz Lorentzen i [[Kristiansand]] tillotta krøtera på bruket, som var 1 hest, 3 kyr, 1 kalv, 12 geiter og 4 sauer. Desse vart rekna å vera verde 51 speciar, men då dei gjekk på auksjon i mai 1854, kom det berre inn 21. Truleg var dette bakgrunnen for at enka Gunhild Bjørgulvsdotter uti juli heldt ein ny auksjon, denne venda «friviljug», for å selje unda meir lausøyre og ymse uteståande krav, som vart rekna for usikre. Den samla tilslagsprisen på denne auksjonen vart 28 dalar, men til frådrag frå dette kom 10 dalar for ei kyr, ein [[huspostill]] og ei salmebok, som Gunhild fekk tilslaget på sjølv.  