Brekkegrendvegen

Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Brekkegrendvegen går nordover frå Manheimstrondi (riksveg 36) i Seljord. Han kryssar Hønseåi og slyngjer seg oppover i bratt lende gjennom Brekkegrenda på sørsida av Lifjell. På Myklestulbrua over Myklestulåa kryssar han kommunegrensa mot Midt-Telemark og passerer Bikkjeskotet og Myklestul. Her går vegen austover til Stavsholtmyrane der han møter Stavsholtvegen på 540 moh. Vegen er om lag 7,7 kilometer lang og har ein stigning på 420 meter.

Brekkegrendvegen i Seljord sett sørover mot Manheimstrondi og garden Åbø.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter Brekkegrenda som han passerer gjennom og vart namnsett i 2005.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.43724° N 8.85987° Ø