Brukskunst (foretak)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. aug. 2014 kl. 10:00 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''AS Brukskunst''' var ei brukskunstforretning på Aure i Sykkylven. Forretninga vart skipa i 1972, og var slik namnet seier, ei forretning for brukskunst. Men i same lokale var det og ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

AS Brukskunst var ei brukskunstforretning på Aure i Sykkylven. Forretninga vart skipa i 1972, og var slik namnet seier, ei forretning for brukskunst. Men i same lokale var det og salsutstilling av kjøkkeninnreiingar og bygningskontor for Stranda Bruk A/S. Firmaet hadde alt då gode forretningssamband i inn- og utland, og kunne såleis tilby ein del ekstra og sjeldne varer.

Etter kvart vart det slik at salsavdelinga til Stranda Bruk A/S vart nedtrappa, og brukskunstavdelinga ekspanderte tilsvarande. Eigarane ønskte då å selje firmaet, og Irene og Leiv Drotninghaug kjøpte aksjane i 1978.

Irene Drotninghaug hadde arbeidd i firmaet i fire år, og hadde elles lang røynsle frå liknande arbeid i andre forretningar. Ho overtok som styrar.

Dei nye eigarane dreiv firmaet stort sett i same lei som før: eit utval av brukskunst saman med ein del meir «spesielle» artiklar. I tillegg satsa dei på billegare og vanlege bruks- og pynteting. A.S Brukskunst hadde eit assortert vareutval som femna om mange prisklasser.

Kring 2000 selde Irene og leiv Drotninghaug verksemda. I nokre år framover dreiv Jan Kåre Rønning eit utsal av pynte- og bruksgjenstandar i dei same lokala.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1982.