Brunstad Polerverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. sep. 2013 kl. 08:43 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Brunstad Polerverksted''' var ei bedrift som dreiv med overflatebehalding av trevarer. Det var Leif Brunstad som etablerte verksemda i 1941. Brunstad hadde i fire år praktisert som p...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Brunstad Polerverksted var ei bedrift som dreiv med overflatebehalding av trevarer. Det var Leif Brunstad som etablerte verksemda i 1941. Brunstad hadde i fire år praktisert som polerar ved Tynes Møbelfabrikk då han tidleg under 2. verdskrig starta eigen polerarverkstad i kjellaren heime i Klausgarden på Brunstad. Kundane var første tida dei små snikkarverkstadene i Velledalen.

I 1948 bygde han verkstad oppunder bakken nedanfor tunet. Nokre år framover hadde han hjelp av tre-fire mann. Frå 1949 var han i kompaniskap med Eystein Brandal, slik at Brandal hadde med den daglege drifta av polerarverstaden å gjere, medan Leif Brunstad fekk ofre seg meir for gardsdrifta. Eystein Brandal emigrerte til USA midt i femtiåra. Då tok Brunstad over ansvaret åleine att.

Ut i 1960-åra fekk fleire av kundane til polerarverkstaden kapasitet til å ta hand om lakkerings- og poleringsarbeidet sjølve. Siste åra han dreiv var det fabrikkar i Velledalen som var dei viktigaste oppdragsgjevarane. I 1973 vart verkstaden avvikla.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.