Claus Pavels Riis

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Claus Pavels Riis (1826 - 1886) er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland.

Claus pavels riis med svoger og svigerinne.jpg

Studietid i Kristiania

Claus pavels riis med svoger og svigerinne.jpg

Då Riis flytta til Tysnes hadde han bak seg ein heller lang og mislukka karriere både som akademikar og diktar, med eit og anna glimt av suksess innimellom. Han var bergensar, fødd 1826, ei dotterson av biskop C. Pavels. I 1844 reiste han frå Bergen til Kristiania for å bli student, og det vart han til gagns - i den grad at ein trygt kan omtala han som ein evigheitsstudent. Han dreiv det aldri lenger enn til anden-eksamen, det som i dag tilsvarar førebuande prøver. Til gjengjeld var han særs aktiv i studentlivet. Under pseudonymet Crispinus gjorde han seg snart bemerka som diktar. Han skreiv såleis både skodespel og songar.

Suksess med “dramatisk idyll”

I åra som følgde gav han ut ei rekkje bøker, som Literær polemik (1848), Viser og vers (1849) og Samfunnsarbeider (1851). Inspirert av den nasjonale rørsla innan kunst og litteratur skreiv han i 1849 sin dramatiske idyll Til sæters (oppført 1850), som rett nok ikkje var særleg original eller god, men som ikkje desto mindre vart svært populær og oppført både i Stockholm og København. Fleire av songane hans har fått ein fast plass i den norske songskatten, mellom anna “Og jeg vil ha mig en Hjertenskjær”.

Anne Knutsdotter

Han har det strengt med songen om anne knutsdotter.jpg

Men suksessen skulle ikkje koma til å vara. Dei seinare stykka hans, Julegæsten (1852) og Han har det strengt (1865) gjorde inga større lukke og vart snart gløymd. Bortsett frå ei av songane i det sistnemnde stykket: "Anne Knutsdotter". Visa kan mest seiast å ha gått inn i folkevisetradisjonen her i landet. Det har i seinare år vore diskutert kor Uren Luren eigentleg låg, og kven som kan ha stått modell for Anne Knutsdotter, ettersom fleire stader i Noreg har gjort krav på å vera heimstaden for Uren Luren. I den grad Riis kan ha brukt levande modellar for personane i teksten, er det likevel mykje som tyder på at Uren Luren kan ha vore plasset Heio under Berge i Vattedal på Onarheim, på Tysnes, og at Anne sitt eigentlege namn var Herborg. Heio vart såleis utropt som vinnaren i namnestriden i tv-programmet "Norske attraksjonar" 2009.

Proprietær i Sunnhordland

Claus pavels riis proprietærgarden på onarheim.jpg

For det var nett til desse traktene Riis flytta i 1855. Han hadde då nyleg gått på ein landbruksskule i Hedmark for å læra seg jordbruk og skaffa seg eit levebrød. Den vesle proprietærgarden han kjøpte på Nymark på Onarheim kosta 2900 dlr. Same året gifta han seg med den to år yngre Maria Elisabeth Weinvich Hertzberg frå Kinsarvik prestegard. Far hennar, Nils Hertzberg, var altså sokneprest der. Ho vert skildra som ei sjukleg, men myndig kvinne. Og kanskje han trengte nokon til å halda styr på seg - Riis vert skildra som ein studentikos heile sitt liv, glad i makelege dagar og å fordriva tida med å lesa romanar. I sin biografi om forfattaren Tryggve Andersen, som tilbrakte nokre av sommarferiane ved Tysnes, skriv Christian Gierløff om C.P. Riis at han "nøt alminnelig ry som verdens mest upraktiske mannfolk. Men... hyggelig var han, lun og omgjengelig”.

Ekteparet Riis hadde tre born: Anna f. 1857, Helga f. 1859 og Johan f. 1864. Maria Elisabeth, eller Maja som ho berre vart kalla, hadde til ei kvar tid eit par tenestejenter til å hjelpa seg.

Amtsgartnar

I perioden frå 1859 til 1864 reiste Riis mykje kringom som amtsgartnar i Søndre Bergenhus. Han vart ein føregangsmann i hagebruksnæringa som bøndene tok etter, også naboane på Hovland. Han var også interessert i fruktdyrking og var mellom dei første som planta grantre på Tysnes. I 1861 gav han ut ei lita bok om hagestell. Seinare fekk han ei stilling som forvaltar på Rosendalsgodset i nokre år, fram til kona døydde i 1881.

Tilbake til Kristiania

Året etter selde han garden. Han såg ikkje for seg noko liv der lenger, ettersom Anna var reist heimanfrå og Johan var drege til sjøs. Såleis drog han saman med dottera Helga tilbake til Kristiania, etter å ha vore vekke frå hovudstaden i mest tretti år. Her fekk han ei stilling på universitetsbiblioteket. Men fire år seinare, i 1886, døydde han. Anna døydde ugift (og sikkert også barnlaus) i USA i 1945. Johan døydde av tuberkulose året etter faren, heller ikkje han vart gift. Helga gifta seg med ein bylege i Mandal i 1889, etter å ha teke utdanning som lærarinne og arbeidd i skulen eit par år. Ho fekk fem born som alle vaks opp, og døydde i 1953. Claus Pavels Riis vart gravlagd på Vossabakkjen ved Onarheimskyrkja.

Bibliografi

  • Til Statsraad Jonas Collett den femtende Oktober 1847 : Guldbryllup. 1847
  • Litterær Polemik. Af Crispinus. 1848
  • Viser og Vers. Af Crispinus. 1849
  • Til Sæters. Dramatisk Idyl med Sange. 1850
  • Samfundsarbeider. Af Crispinus; udgivne for Studentersamfundets Medlemmer. 1851
  • Julegjæsten, eller Lykken større end Forstanden. Lystspil i 3 Akter. 1852
  • Til Sæters. Dramatisk Idyl med Sange. 1860
  • Smaaskrifter for Almuen i Bergens Stift. 1861-
  • Veiledning i Havedyrkning. 1861
  • To gamle Viser : [oppudsede]. 1862
  • Claus Pavels's Biografi og Dagbøger. 1864
  • "Han har det strengt". Vaudeville. 1865
  • Biskop Claus Pavels's Autobiographi 1769-1822. 1866
  • Claus Pavels's Dagbogs-Optegnelser 1815-1816. 1867
  • Claus Pavels's Biografi og Dagbøger. Uddrag af Pavels's utrykte dagbok for 1818 / medd. af :*C.P. Riis. Bind nr: Norsk maanedskr. udg. af D. Mejdell. II. 1885

Syngespela og nokre av songane er kome i ei rekkje utgåver opp gjennom åra, seinast i 2009. Særleg gjeld det “Til seters”, som har vist seg å vera eit utruleg slitesterkt spelstykke. “Til seters” vart også filmatisert i 1924.

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 4. Tysnes Sogelag, 1991.
  • Christian Gierløff: Tryggve Andersen. Aschehoug, 1942.
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog, band 2. Tysnes Sogelag, 1975.
  • Opplysningar frå Helga Holm Johansen, Levanger, oldebarn.
  • Opplysningar frå Olav Skjellevik, Tysnes, lokalhistorikar.